ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Natur- og miljøgeografisk feltkurs

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet har som mål å gje studenten kunnskap og ferdigheiter knytt til vanlege metodar og teknikkar i natur- og miljøgeografi. Under rettleiing vil studentane arbeide aleine eller i små grupper med å gjennomføre eit feltbasert forskingsprosjekt knytt til rekonstruksjon, analyse og forklaring av klima-, miljø- og landskapsendringar i eit nærare definert feltområde, anten i Noreg eller i utlandet. Feltområda kan variera frå år til år. For å førebu studentane til eige feltarbeid vil ein som del av ei lita gruppe skrive ein tematisk rapport som nyttar faglitteratur som er relevant for feltområdet.

I samband med forskingsprosjektet vil studentane utvikle sine eigne forskingsspørsmål og tilhøyrande målsetjingar. Dei vil også lære å handtere hypotesar og korleis dei skal skrive ein akademisk rapport i natur- og miljøgeografi som nyttar eit profesjonelt språk og fagtermar, og med høvelege analysar, illustrasjonar og referansar.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten...

  • kan forklare dei viktigaste eksogene (biotiske og abiotiske) faktorane og tilhøyrande prosessar som kan koplast til terrestriske klima-, miljø- og lanskapsendringar i feltomrÃ¥da deira.
  • har kunnskap om relevante feltmetodar og teknikkar nytta under feltarbeid.
  • har kunnskap om relevante kvantitative analysemetodar.
  • kan beskrive prinsippa for kvartærgeologiske kart og vegetasjonskart.

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan ved Ã¥ nytte faglitteratur og feltobservasjonar utvikle eit forskingsprosjekt i eige feltomrÃ¥de.
  • kan formulere arbeidshypotesar som del av Ã¥ løyse forskingsspørsmÃ¥la ein er oppteken av i feltomrÃ¥det.
  • kan nytte relevante feltmetodar og teknikkar i eige feltomrÃ¥de, som til dømes flybildetolkning, feltkartlegging og GIS.
  • kan samle relevante data til Ã¥ rekonstruere og beskrive klima- miljø- og lansskapsendringar i eige feltomrÃ¥de.
  • kan skildre landformar/fenomen pÃ¥ ein nøytral mÃ¥te før ein tolkar Ã¥rsaka til dei.
  • kan lage eit kvartærgeologisk kart eller vegetasjonskart over eit feltomrÃ¥de.
  • kan analysere kvantitative data gjennom Ã¥ nytte metodar tilpassa feltundersøkinga.

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan utføre ei praktisk feltoppgÃ¥ve i samsvar med retningslinene for høveleg framferd og sikkerheit ved Universitetet i Bergen.
  • kan skrive ein feltrapport anten aleine eller i ei lita gruppe gjennom Ã¥ nytte eit profesjonelt sprÃ¥k og fagtermar, lage høvelege analysar, nytte gode illustrasjonar, og kunne vise til relevant litteratur.
  • kan formidle munnleg og skrive ein akademisk tekst knytt til tema innan eige forskingsfelt og relatere dette til faglitteraturen.
  • kan nytte arbeidshypotesar som del av Ã¥ løyse eit forskingsspørsmÃ¥l.
  • kan utveksle ytringar med fagfellar, og kome med konstruktive kommentarar til arbeida deira.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù

Undervisningssted

Universitetet i Bergen og eit feltområde enten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet kan variere frå år til år.

Ei feltkursavgift som dekker utgifter til mat må betalast innan ein gitt frist.

Krav til forkunnskaper

GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125 og GEO131, eller tilsvarande.

GEO204 og GEO212 skal takast i same semester (eventuelt før).

Studiepoengsreduksjon
GEO241 (10 poeng), GEO271 (10 poeng)
Krav til studierett

Dette emnet har avgrensa tal på plassar og opptak er basert på søknad. Du søker ve då registrere undervisningsmelding i Studentweb. Søknadsfristen er onsdag i veke 2, før ordninær registreringsfrist. Studentar skal ta GEO291 i kombinasjon med GEO212 og GEO204. Studentar som opfyller forkunnskapskravet (GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125 og GEO131), blir tatt opp etter denne prioriteringslista:

  1. Studentar på bachelorprogrammet i geografi
  2. Utvekslingsstudentar med tilsvarande bakgrunn som forkunnksapskravet og studentar frÃ¥ andre program ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ med forkunnksapskravet.

Utvekslingsstudentar blir prioriterte etter mest relevant bakgrunn til forkunnskapskravet.

Arbeids- og undervisningsformer
  • 5-8 seminar á 2 timar pr. veke.
  • 6-8 dagar ekskursjon/feltkurs. Talet pÃ¥ dagar avheng av reiseavstand.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking pÃ¥ ekskursjon/feltkurs
  • Deltaking pÃ¥ seminar
  • Godkjend tematisk rapport og tilhøyrande munnleg føredrag.

Godkjend obligatorisk aktivitet er kun gyldig det semesteret det bli gjennomført.

Vurderingsformer

Gruppevis feltrapport og individuell munnleg eksamen.

Den justerande munnleg eksamen kan justere endelig karakter opp eller ned med ein karakter.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Kontinuasjonseksamen:

Gruppevis feltrapport: 

Vurdering kun i undervsiningssemester. Denne vurderingsforma kan ikkje tilby kontinuasjonseksamen. Studentar må delta på feltkurs og arbeidet med feltrapport.

Justerande munnleg eksamen: 

Ny eksamen blir arrangert for studentar med gyldig frÃ¥vær pÃ¥ eksamensdagen. Studentar med gyldig frÃ¥vær slik det er definert i ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´-forskrifta § 5-5 kan søke om ny eksamensdag.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s kvalitetssystem for utdanning.