ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Studieplan for MAHF-NORD Masterprogram i nordisk språk og litteratur, vår 2026

Omfang og studiepoeng

120

Namn på grad

Master i nordisk språk og litteratur

Fulltid/deltid

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

Norsk, ev. dansk og svensk, på dei fleste emna. Engelsk kan verte brukt på NOFI-emne.

Studiestart - semester

MÃ¥l og innhald

Studiet i nordisk språk og litteratur skal gi kunnskapar på avansert nivå i utvalde vitskaplege disiplinar innanfor nordisk. Nordisk femner om litteratur og språk frå både eldre og yngre tid. Til fagområdet høyrer òg nordisk fagdidaktikk og norsk som andrespråk.

Studentane har ein høg grad av valfridom. Studiet tilbyr ei rekkje språklege og litterære emne som dels går att med jamne mellomrom, dels er eingongstilbod, jf. oversyn nedanfor. Studentane kan velje å konsentrere seg om berre litteratur eller berre språk, eller dei kan kombinere litterære og språklege emne.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù±ð

Kunnskap:

Kandidaten

  • har avansert kunnskap innanfor nordisk sprÃ¥k og litteratur og spesialisert innsikt i det emnet han eller ho har skrive masteroppgÃ¥ve om
  • har inngÃ¥ande kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i nordisk
  • kan bruke kunnskapen pÃ¥ nye omrÃ¥de av nordisk sprÃ¥k og litteratur
  • kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i nordiskfagets tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • kan analysere teoriar, metodar og fortolkingar innanfor nordisk sprÃ¥k og litteratur og kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • kan bruke nordiskfagets metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid pÃ¥ ein sjølvstendig mÃ¥te
  • kan analysere og drøfte sprÃ¥klege og litterære primær- og sekundærkjelder innanfor nordisk kritisk og bruke dei til Ã¥ strukturere og formulere faglege resonnement
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt i nordisk sprÃ¥k og litteratur under rettleiing og i trÃ¥d med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan skrive ein lengre vitskapleg tekst innanfor nordisk i samsvar med krav til godt sprÃ¥k, klare resonnement og god tekststruktur
  • kan skrive bokmÃ¥l og nynorsk korrekt og godt og bruke sprÃ¥ket pÃ¥ mÃ¥tar som er tilpassa føremÃ¥let

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan analysere fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar i nordisk sprÃ¥k og litteratur
  • kan bruke kunnskapane og dugleikane sine pÃ¥ nye omrÃ¥de for Ã¥ gjennomføre avanserte arbeidsoppgÃ¥ver og prosjekt
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar dei uttrykksformene som høyrer nordisk til
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor nordisk sprÃ¥k og litteratur, bÃ¥de med spesialistar og allmenta
  • kan bidra til nytenking og innovasjon, særleg pÃ¥ felt der sprÃ¥k og litteratur stÃ¥r sentralt

Opptakskrav

Masterprogrammet i nordisk språk og litteratur byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i nordisk sprÃ¥k og litteratur
  • Bachelorgrad i norsk som andresprÃ¥k
  • Bachelorgrad i nordisk med spesialisering i nordisk sprÃ¥k og litteratur
  • Bachelorgrad i nordisk med spesialisering i norsk som andresprÃ¥k

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i nordisk sprÃ¥k og litteratur eller norsk som andresprÃ¥k eller tilsvarande.

Du må også ha:

  • Snittkarakter pÃ¥ minimum C i emna du fÃ¥r opptak pÃ¥ grunnlag av.
  • SprÃ¥kkrava i bÃ¥de norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med , anten pÃ¥ grunnlag av norsk vidaregÃ¥ande skule eller pÃ¥ annan mÃ¥te.

Tilrådde forkunnskapar

Gode leseferdigheiter i engelsk og skandinaviske språk.

Obligatoriske emne

NOLISP350 Nordisk: Masteroppgåve i nordisk (60 studiepoeng)

NOLISP300 Nordisk: Prosjektførebuande emne

Tre av desse emna:

NOLI311 Nordisk: Litterært masteremne C

NOLI312 Nordisk: Litterært masteremne D

NOLI321 Nordisk: Litterært masteremne A

NOLI322 Nordisk: Litterært masteremne B

NOLI307 Nordisk: Litterær analyse og teori

NORAN320 Særemne i norsk som andrespråk

NOSP312 Nordisk: Språkleg masteremne A

NOSP313 Nordisk: Språkleg masteremne B

NOSP315 Nordisk: Språkleg masteremne C

NOSP316 Nordisk: Språkleg masteremne D

Alternativt kan ein byte ut eitt av emna på lista ovanfor med eitt av desse emna:

KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur (dei semestera nordisk litteratur tilbyr undervisinga)

LEX200 Ordkunnskap og norsk ordboksarbeid

NOFI300 Norrøn filologi særemne I

NOLI320 Nordisk: Litterært særemne (berre etter søknad)

NOSP320 Nordisk: Språkleg særemne (berre etter søknad)

ALLV303 Litteraturvitskapleg særemne (berre i vårsemesteret)

NORAN250 Andrespråkslingvistikk med bacheloroppgåve

Studentar som planlegg å søkje opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), må sørgje for å ha minimum 30 studiepoeng i nordisk litteratur til saman på bachelor- og masterstudiet.

Tilrådde valemne

Rekkefølgje for emne i studiet

Ved oppstart om hausten

1. semester (haust): to av desse emna: NOLI311, NOLI322, NORAN320, NOSP313, NOSP316, NOLI307

2. semester (vår): NOLISP300 og eitt av desse emna: NOLI321, NOLI312, NORAN320, NOSP312, NOSP315

3. og 4. semester (haust og vår): NOLISP350

Ved oppstart om våren

1. semester (vår): to av desse emna: NOLI321, NOLI312, NORAN320, NOSP312, NOSP315, NOLI307

2. semester (haust): NOLISP300 og eitt av desse emna: NOLI311, NOLI322, NORAN320, NOSP313, NOSP316, NOLI307

3. og 4. semester (vår og haust): NOLISP350

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet. Det er særleg universitet i dei nordiske landa som er aktuelle (Danmark, Sverige, svenskspråklege institusjonar i Finland, Island, Færøyane). Spesielt tilrådde utvekslingsstader er Universitetet i Uppsala, Universitetet i København, Aarhus Universitet, Helsingfors Universitet, Ludwig-Maximilians-Universität München og Amsterdam Universitet.

Dersom ein skal ta emne i norsk som andrespråk kan det vere aktuelt å nytte dei tilrådde avtalane på dette fagfeltet. Sjå studieplanen for bachelorprogrammet.

Studierettleiaren hjelper til med å finne relevante studium og ordne utvekslingsavtaler.

Tilrådd semester for utanlandsstudium er 2. semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og seminar der det er forventa at studentane deltek aktivt. På somme emne har studentane ansvar for avgrensa delar av undervisninga eller for å lage kortversjonar av pensum til deling med medstudentar (som obligatorisk aktivitet).

Rettleiing på semesteroppgåver og på masteroppgåva.

Vurderingsformer

På programmet brukar ein følgjande vurderingsformer på emne frå nordisk (med emnekode på NOFI-, NOLI-, NOSP-, NOLISP-, NORAN-):

  • rettleidde semesteroppgÃ¥ver
  • rettleidde masteroppgÃ¥ver
  • munnlege eksamenar
  • heimeeksamenar
  • mappevurderingar

På andre emne kan andre vurderingsformer førekomme.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Karakterskala

Karakterskala A - F

Grunnlag for vidare studium

Relevans for arbeidsliv

Kompetanse i nordisk språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.

Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid over alt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Dersom du fullfører masterprogrammet, kan du ta .

Mastergrad i nordisk språk og litteratur kvalifiserer til vidare forsking dersom studenten oppnår gode resultat.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i trÃ¥d med retningslinene for kvalitetssikring ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Emne- og programevalueringar finn ein pÃ¥ kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Spørsmål kan rettast til studierettleiaren på programmet: studierettleiar@lle.uib.no

Kontaktinformasjon