ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Nordisk språk og litteratur (master)

Masterprogrammet i nordisk språk og litteratur utdannar dyktige lesarar og skrivarar med gode evne til å forstå samansette kommunikasjonssituasjonar. Programmet omfattar litteratur og språk frå både eldre og yngre tid, og dessutan nordisk fagdidaktikk og norsk som andrespråk.

Kva lærer du?

PÃ¥ masterprogrammet i nordisk fÃ¥r du djupare kunnskap om sentrale tema innanfor nordisk litteraturvitskap og sprÃ¥kvitskap. Du kan velje Ã¥ konsentrere deg om berre litteratur eller berre sprÃ¥k, eller du kan kombinere litterære og sprÃ¥klege emne. 

SprÃ¥kdelen av studiet handlar mest om moderne norsk, men òg om dei sprÃ¥ka norsk er nærast i slekt med: dansk, svensk, færøysk og islandsk og norrønt. Vi arbeider med grammatikk, dialektar, sprÃ¥khistorie og tekstsamanheng. Vi utforskar sprÃ¥ket si rolle i tenking, samtale og samfunn.  

Litteraturdelen av studiet er for deg som vil utvide kunnskapen din om korleis ein kan analysere og tolke litterære verk. PÃ¥ masterstudiet tilbyr vi fordjupingsemne om litterære verk og deira tilknyting til ulike tema. Du lærer ogsÃ¥ korleis ein kan nytte litteraturteori for Ã¥ sjÃ¥ verka i samanheng med samfunnsmessige, psykologiske, historiske og sosiale forhold. 

Studiekvardag

Som masterstudent i nordisk blir du del av eit godt læringsmiljø som bestÃ¥r av engasjerte forskarar og formidlarar. Gjennom masteroppgÃ¥va fÃ¥r du moglegheit til Ã¥ forske sjølv og fordjupe deg innanfor eitt omrÃ¥de. 

Masterprogrammet har undervisning i form av forelesingar og seminargrupper, om lag 4 timar kvar veke. I tillegg er det mykje sjølvstudium og skriving pÃ¥ masteroppgÃ¥va. Temaet for oppgÃ¥va bestemmer du sjølv ut frÃ¥ dine eigne faglege og personlege interesser. I andre semester siktar du deg inn mot eit prosjekt i diskusjon med faglærarar, og du fÃ¥r tildelt ein fagleg rettleiar.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar pÃ¥ campus.  PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du dessutan mange ulike studentorganisasjonar. 

Kva kan du jobbe som?

Arbeidsgjevarar treng språk- og litteraturkompetanse og evne til sjølvstendig arbeid. Dei har òg behov for deg som kan sjå samanhengar, strukturelt og historisk.

Studiet er direkte relevant for arbeid i kultursektoren og særleg i forlag, litteraturformidling og andre yrke der språkkompetanse og forståing for samspelet mellom språk og kultur er viktig, som for eksempel:

  • kulturformidlar
  • festivalprodusent og -sjef
  • bokmeldar
  • ³¾³Ü²õ±ð³Ü³¾²õ»å¾±°ù±ð°ì³Ùø°ù
  • bibliotekar
  • forskar
  • forlagsredaktør og -sjef
  • journalist

Du kan bli lærar i ungdomsskulen og vidaregåande skule om du tek eitt år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

Søknadsfrist: 15. april
Søknadsfrist: 1. november
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

1. semester 

(30 studiepoeng)   

2. semester  

NOLISP300 - Prosjektførebuande emne (15 studiepoeng)  

(15 studiepoeng)   

3. og 4. semester 

NOLISP350 - Masteroppgåve i nordisk (60 studiepoeng)

Utveksling

Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

Vidare studiemoglegheiter

Med mastergrad kan du vere kvalifisert til å søke opptak til ph.d.-programmet. Du kan òg ta eit år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som kvalifiserer til arbeid i skolen.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i nordisk språk og litteratur