Forskingsmetode
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester ³ÕÃ¥°ù
- Emnekode
- SPED312
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk
- Ressursar
-
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Emne skal sette studentane i stand til å planlegge eit sjølvstendig forskingsarbeid. I første delen av emne er målet at studentane skal tileigne seg eit vitskapsteoretisk grunnlag for å forstå ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Studentane skal også kunne vurdere forskingslitteratur, forskingsresultat og vere i stand til å reflektere kritisk og etisk over sentrale metodiske framgangsmåtar og fortolkingspremiss. I andre del av emne skal studentane fordjupe seg i ulike metodetilnærmingar (kvalitativ/kvantitativ). Studentane skal få djupare kjennskap til desse metodetilnærmingane, slik at dei blir i stand til å gjennomføre og drøfte innsamling og analyse av eit forskingsmateriale. Som ein integrert del av emne skal studentane utarbeide ein prosjektskisse som skal danne utgangspunkt for masteroppgåva.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten..
- har kunnskap om ulike vitskapeleg paradigme og forklaringsmåtar og kan bruke desse til å reflektere kritisk over spesialpedagogisk verksemd
- har kunnskap om sentrale omgrep og teoriar innanfor kvalitative og kvantitative metodar, samt triangulering av desse (mixed methods)
- har kunnskap om formelle forskingsetiske prosedyrar og kan bruke desse på ein formålstenleg måte i møte med ulike forskingsetiske problemstillingar
- har kunnskap om den vitskapsteoretiske forankringa til metoderetninga vedkommande vel å fordjupa seg i
- har innsikt i forsking og teoriar innan det tematiske omrÃ¥det studenten vil fordjupa seg i gjennom masterprosjektetÂ
Ferdigheiter
Studenten..
- kan drøfte forskingsetiske problemstillingar i pedagogisk og spesialpedagogisk forsking
- kan reflektere over og diskutere ulike vitskapelege paradigme og forklaringsmåtar
- kan reflektere over og diskutere ulike gyldigheitskrav i kvantitative og kvalitative metodetradisjonar
- kan demonstrere praktiske ferdigheiter med konkrete metodar for datainnsamling og analyse
- kan utvikle aktuelle forskingsspørsmål med utgangspunkt i kunnskap om det tematiske området vedkommande fordjupar seg i
- kan utvikle og skrive ei prosjektskisse som legg grunnlaget for arbeidet med masteroppgåva
Generell kompetanse
Studenten..
- kan analysere og stilla seg kritisk til ulike forskingsresultat
- kan vurdere forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehage, skule og opplæringssektoren
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
³ÕÃ¥°ù, annakvart Ã¥r
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Emne kombinerer forelesingar, seminar, praktiske øvingsoppgåver og ulike former for digital samarbeidslæring.
Emne vil innehalde om lag:
- 12x3 timar forelesning/seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne framstille seg til vurdering i emnet må følgjande vere godkjent:
1. Deltaking i undervisning
- Generelle metodeførelesningar/seminar: oppmøte på minst 2/3 av desse.
- Fordjupningsførelesningar/seminar: oppmøte på minst 2/3 av desse.
- Prosjektskissesamlingar: 100 % oppmøte
Oppmøte vert registrert.
2. Prosjektskisse
- Utarbeide prosjektskisse til masteroppgåva
- Aktiv deltaking på prosjektskissesamlingar og i rettleiingsgrupper knytte til utviklinga av prosjektskissa
Studentane får utlevert ved semesterstart eit eige skriv med nærare informasjon om prosjektskissa
Vurderingsformer
I emne nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Munnleg eksamen
Studentane får utlevert eit eige skriv med informasjon om munnleg eksamen ved semesterstart.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. Litteraturlista er på om lag 1500 sider.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Programansvarlig
Institutt for pedagogikk
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultetÂ