ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Forskingsmetode

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Metodeemnet skal sette studentane i stand til å planlegge eit sjølvstendig forskingsarbeid. I fellesdelen av emnet er målet at studentane skal tileigne seg eit vitskapsteoretisk grunnlag for å forstå ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Studentane skal også kunne vurdere forskingslitteratur, forskingsresultat og vere i stand til å reflektere kritisk og etisk over sentrale metodiske framgangsmåtar og fortolkingspremiss. I andre del av emnet skal studentane fordjupe seg i ein vald metodetilnærming (kvalitativ/kvantitativ). Studentane skal få djupare kjennskap til den framgangsmåten dei har valt, slik at dei er i stand til å gjennomføre og drøfte innsamling og analyse av materiale.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • har kunnskap om ulike vitskapeleg paradigme og forklaringsmÃ¥tar
  • har kunnskap om sentrale omgrep og teoriar innanfor kvalitative og kvantitative metodar
  • har kunnskap om mixed methods
  • har kunnskap om forskingsetiske problemstillingar og formelle forskingsetiske prosedyrar
  • har kunnskap om det vitskapsteoretiske perspektivet og teoriane den metoderetninga dei vel Ã¥ fordjupa seg i, er forankra i

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan drøfte forskingsetiske problemstillingar i pedagogisk forsking
  • kan reflektere over og diskutere ulike vitskapelege paradigme og forklaringsmÃ¥tar
  • kan reflektere over og diskutere ulike gyldigheitskrav i kvantitative og kvalitative metodetradisjonar
  • kan demonstrere praktiske ferdigheiter med konkrete metodar for datainnsamling og analyse

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan analysere og stilla seg kritisk til ulike forskningsresultat
  • kan vurdere pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid

Fulltid/deltid

Fulltid.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù, annakvart Ã¥r.

Undervisningssted

Bergen.
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i pedagogikk.

Arbeids- og undervisningsformer
Emnet kombinerer forelesingar, seminar, litteraturstudiar og praktiske øvingsoppgåver.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking pÃ¥ to tredjedelar av undervisninga

Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne ta eksamen i emnet

Vurderingsformer
I emnet nyttar ein individuell munnleg eksamen
Karakterskala
Ved sensur av heimeeksamen nyttast karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester

³ÕÃ¥°ù/haust, anna kvart Ã¥r.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Litteraturlista er på 1000 sider (+/- 10 %). Delar av litteraturen kan vere tilgjengeleg i form av eit kompendium. Det blir forventa at studentane gjer seg kjent med ulike søkeportalar for sjølv å kunne finne fram til anbefalt litteratur og anna relevant litteratur på internett.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.

Programansvarlig
Insituttt for pedagogikk.
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk.
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.