ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Nyare sosiologiske teoriar

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet skal gje innsikt i sentrale bidrag i nyare sosiologiske teoriar. Utvalet av teoretikarar er breitt og mangfaldig. Dei ulike teoribidraga vert presenterte gjennom sekundærlitteratur og eit utval originaltekstar. Ein skal verta kjende med korleis tilhøvet mellom sosial handling og sosial orden blir handsama innanfor dei ulike perspektiva. Det vert lagt vekt på å forstå den historiske bakgrunnen for teoriane. Det vert sett søkjeljos på teoriar som forstår det moderne samfunnet som ulike system med ein verdifellesskap, men det vert i like stor grad fokusert på kritiske teoriar som analyserer makt, utbyting, framandgjering og auke i den sosiale ulikskapen. Ein skal verta kjende med omgrepa om sosial -, kulturell - og økonomisk kapital, og omgrepa om livsverda og systemverda, samhandling som rasjonelle handlingar på mikronivå, og samhandling som sosiale drama. Målet er at studentane skal utvikle evnene til å lese og forstå sosiologisk tekstar og utvikle kunnskapar til å drøfte aktuelle samfunnsspørsmål ut frå ulike sosiologiske perspektiv.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter avslutta emne kan studenten

  • gjere greie for sentrale nyare sosiologiske teoriar og ulike teoretiske perspektiv knytt til tilhøvet mellom handling og sosial orden
  • gjere greie for og skilje ulike omgrep om sosial-, kulturell -og økonomisk kapital, og omgrepa om livsverda og samfunnet som sosiale drama, og gjera greie for ulike perspektiv pÃ¥ globalisering og det globale samfunnet
  • plassere teoriane i høve til samfunnskontekst og historisk tid, og gjere greie for korleis nyare sosiologiske teoriar kan gje bidrag til Ã¥ forstÃ¥, forklara og analysera dei globale samfunnstilhøva og den postmoderne kulturelle tilstanden.

Dugleikar

Etter avslutta emne kan studenten

  • svare pÃ¥ problemstillingar pÃ¥ ein analytisk og drøftande mÃ¥te med grunnlag i vitskaplege tekstar
  • kunne bruke ulike teoretiske perspektiv og omgrep for Ã¥ forstÃ¥ og diskutere den globale historiske konteksten
  • ha innsikt i den aktuelle relevansen til dei nyare sosiologiske teoriane
  • skrive ein tekst ut frÃ¥ faglege etiske kriterium, korrekte litteraturreferansar og kjeldetilvisingar

Generell kompetanse

Etter avslutta emne har studenten

  • forstÃ¥ing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapleg tenkjemÃ¥te
  • forstÃ¥ing av kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir diskuterte
  • generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til Ã¥ skilje mellom argument ut i frÃ¥ kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper

SOS100A/SOS100B Introduksjon til sosiologi

SOS121 Klassiske sosiologiske teoriar

Studiepoengsreduksjon
SOS121 (10 studiepoeng) og SOS122 (10 studiepoeng) vil tilsammen utgjøre 20 studiepoeng, dvs. 5 studiepoeng mer enn SOS101 (15 studiepoeng).
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesing og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei innleveringsoppgåve (2000 ord, +/- 10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle semesteret samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

4 timars skriftleg skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakter A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestÃ¥tt

Studentar kan etter 15. januar melde seg opp sjølv i studentweb

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.