ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Naturfagdidaktikk

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet har som mål å gje studentar eit fagdidaktisk og forskingsbasert grunnlag for å utvikle kompetanse som lærarar i skulens naturfag. Dei vil også bli utfordra til å prøve ut denne kompetansen i praksis, og hauste eigne erfaringar som dei tek med seg tilbake i diskusjonar i emnet. Emnet tek opp naturfagdidaktikk som forskingsfelt og relevansen av forskinga for undervisning og læring, skulefaget sine særtrekk og utfordringar, ulike arbeidsmåtar i faget, analyse av fagplanar og omsetting av disse til undervisning og vurdering, kva elevars bakgrunn, holdning til og motivasjon for naturfag har å si for deira læring og korleis kommunikasjon kan vere eit aktivt verkemiddel for læring.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • er kjent med naturfagfagdidaktikk som forskingsfelt og eit utval av fagdidaktisk forsking
  • skal ha kunnskap om kva som kan pÃ¥verke elevanes motivasjon og interesse for faget
  • kan gjere greie for kva kjenneteikn naturfag har som skulefag og samanhengen mellom skulefaget og vitskapsfaget
  • skal kjenne til ulike arbeidsmÃ¥tar som kan nyttast i naturfag, og korleis desse kan bidra til læring

Ferdigheiter

Studenten kan

  • analysere læreplanar i naturfag og velje relevante arbeidsmÃ¥tar og vurderingsformar i høve til kompetansemÃ¥la i læreplanen
  • leggje til rette for varierte arbeidsmÃ¥tar som bidrar til læring og at elevane fÃ¥r erfaring med eit breitt spekter av naturfaget
  • utvikle skriftleg og munnleg kommunikasjon hos elevar som verkemiddel for læring og formidling av kompetanse
  • nytte innsikt i naturvitskaplege tenke- og arbeidsmÃ¥tar til Ã¥ legga til rette for opplæring i utforskande arbeidsmÃ¥tar og kritisk tenking.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • motivere elevar og skape interesse for naturfag
  • kan nytte forskingsbasert kunnskap saman med eigne erfaringar frÃ¥ praksis til Ã¥ grunngje val av arbeidsmÃ¥tar i naturfag
  • kan definere tydlege læringsmÃ¥l for elevane , velje arbeidsmÃ¥tar som er veleigna for at elevane skal nÃ¥ læringsmÃ¥la og i etterkant kunne evaluere i kva grad desse ble nÃ¥dd
  • samarbeide med andre om problemstillingar knytt til undervisning og læring

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet går over to semester, 10 sp haust og 5 sp vår. Oppstart kun om hausten.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte pÃ¥ første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere Ã¥ miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte pÃ¥ første forelesing/orienteringsmøtet mÃ¥ du kontakte studieseksjonen pÃ¥ e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

Krav til forkunnskaper
Emnet skal normalt tas parallelt med langpraksis i lektorprogrammet i 7. og 8. semester. For å kunne starte langpraksis må man ha bestått minimum 150 sp blant emnar som inngår i programmet, der minimum 20 sp må være fagdidaktikk/ pedagogikk.
Anbefalte forkunnskaper
NATDID210
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om studierett på lektorprogrammet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
Arbeids- og undervisningsformer
2 seminarar og 14 forelesingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på 80 % av undervisningen.

(Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande)

For å kunne ta eksamen i NATDID220 må normalt LAPRA101 og 102 være bestått.

Vurderingsformer
Fire oppgåver: Ein skriftleg individuell, ein skriftleg i gruppe, ein munnleg individuell, ein munnleg i gruppe. Karakter: Bestått/ikkje bestått. Alle oppgåvene må vere bestått.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Ein munnleg og ein skriftleg oppgåve i kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.