ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik hjå studentane innan næringsmiddelmikrobiologi og hygiene, med særleg vekt på tilhøve som er av relevans for sjømat. Dette målet søkjer ein å oppnå gjennom ein kombinasjon av teoretisk læring, laboratorieaktivitet inkludert journalføring, ekskursjon til tilverkingsanlegg for sjømat og studentpresentasjonar. Vidare er det eit mål å gi studentane ei grunnleggjande forståing for korleis ulike mikroorganismar og parasitter, med betyding for næringsmiddeltryggleik og kvalitet, kan forureine og eventuelt vekse i ulike produktgrupper av sjømat.

Studenten skal få innsyn i kva tiltak ein kan setje i verk for å oppnå god hygienisk standard under fangst, produksjon og omsetjing av sjømat. Vidare vil en diskutere gjeldande lovverk som industri og forvaltning må halda seg til på dette området.

Studenten vil ha ei aktiv rolle i undervisninga, som for ein stor grad er basert på studentpresentasjonar av aktuelt fagstoff.

Ein viktig komponent i undervisninga er laboratoriekurset på til samen 20 timar. Gjennom laboratoriekurset får studenten innsyn i næringsmiddelmikrobiologiske analyser som er sentrale i vurderinga av den hygieniske standarden hos tilverkingsanlegg og i sjømatprodukt.

Det er også eit overordna mål å bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø blant studentane, og gje dei trening i skriftleg og munnleg kommunikasjon og presentasjon.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Etter fullføring av emnet skal studenten ha fått

  • forstÃ¥ing for sjømat som næringsmiddelresurs, og korleis mikroorganismar kan pÃ¥verke kvalitet og tryggleik for produkt av sjømat.
  • ei grunnleggjande forstÃ¥ing korleis ulike mikroorganismar og parasittar, med betyding for næringsmiddeltryggleik og kvalitet, kan forureine og eventuelt vekse i ulike produktgrupper av sjømat.
  • innsyn i kva tiltak ein kan setje i verk for Ã¥ oppnÃ¥ god hygienisk standard under fangst, produksjon og omsetjing av sjømat.
  • kjennskap til gjeldande lovverk som industri og forvaltning mÃ¥ halda seg til pÃ¥ dette omrÃ¥det.
  • innblikk i næringsmiddelmikrobiologiske analyser som er sentrale i vurderinga av den hygieniske standarden hos tilverkingsanlegg og i sjømatprodukt.
  • innarbeidd gode laboratorierutinar, med særleg vekt pÃ¥ tryggleik ved arbeid med humanpatogent smittestoff som Salmonella, Vibrio og Listeria.
  • kjennskap til korleis tilverking av sjømat føregÃ¥r under kommersielle tilhøve gjennom ekskursjon til eit anlegg.
  • trening i Ã¥ samla informasjon, strukturera ein presentasjon og leggja fram fagstoff .
  • delta i eit godt fagleg og sosialt miljø.

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte pÃ¥ første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere Ã¥ miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte pÃ¥ første forelesing/orienteringsmøtet mÃ¥ du kontakte studieseksjonen pÃ¥ e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
  • BIO100 Innføring i evolusjon og økologi (10 sp)
  • BIO101 Organismebiologi 1 (10 sp)
  • BIO102 Organismebiologi 2 (10 sp)
  • BIO104 Komparativ fysiologi (10 sp)
  • KJEM110 Kjemi og energi (10 sp)
  • MOL100 Innføring i molekylærbiologi (10 sp)
Studiepoengsreduksjon
Overlapp med nedlagt emne MAR255 10 studiepoeng)
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Seminar og laboratoriekurs m/journal. Godkjente obligatoriske aktiviteter er gyldig i 6 semestre.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervising blir eksamen arrangert tidleg i semesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen