ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Organismebiologi

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Mål for emnet er å gi ei oversikt over livets opphav, systematikk og evolusjon. Studentane vil bli presentert for sentrale organismegrupper og virus via aktiv undervisning, inkludert laboratorieøvingar. Klassiske dissekerings- og mikroskoperingsteknikkar vil bli brukt til å demonstrere morfologiske strukturar og biosystematiske detaljar hos utvalde plantar og dyr. Dyrking og mikroskopering vil bli brukt for å vise morfologi og førekomst av ulike mikroorganismar.

Emnet inkluderer eit omfattande laboratoriekurs.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studentane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • Skal kjenne til dei forskjellige hovudgruppene av prokaryote organismar, protistar, virus, sopp, plantar og dyr, og kva som definerer desse.
  • Skal kjenne til sentrale omgrep som blir brukt innan studiar av fylogeni, taksonomi og biologisk mangfald.
  • Kan gjere greie for korleis dei forskjellige organismegruppene har utvikla seg.
  • Skal kjenne til dei ulike organismegruppene sin biologi og anatomi for Ã¥ forstÃ¥ deira biosystematiske plassering, evolusjonsforløp og slektskap.

Ferdigheitar:

  • Kan bruke grunnleggjande laboratorieteknikkar for Ã¥ studere, identifisere og klassifisere sentrale organismegrupper
  • Kan framstille eigne resultat frÃ¥ laboratoriearbeid i form av teikningar, tabellar og figurer etter relevante deler av IMRaD (Introduksjon, Materiale og metode, Resultat, Diskusjon) formatet, med mest fokus pÃ¥ R (resultat).

Generell kompetanse:

  • Kan samarbeide med medstudentar om aktiv læring i undervisning og pÃ¥ laboratorieøvingane.
  • Kan reflektere over og vise evne til kritisk tenking rundt eigne resultat og funn.
  • Kan opptre ansvarleg i forhold til reglar og retningslinjer for arbeid i laboratoriet.
  • Kan klassifisere organismar etter spesifikke karaktertrekk.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Studentar som har emnet som obligatorisk emne i grada si har førsteprioritet på emnet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veke 3.

Det er obligatorisk oppmøte pÃ¥ første førelesing/orienteringsmøte, og du risikerer derfor Ã¥ miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte pÃ¥ første førelesing/orienteringsmøte mÃ¥ du kontakte studieseksjonen pÃ¥ e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første førelesing/orienteringsmøte finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon

BIF101: 6 studiepoeng.

Nedlagte emne: BIO111 Zoologi (5 studiepoeng), BIO112 Botanikk (5 studiepoeng), BIO113 Mikrobiologi (5 studiepoeng).

Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi. Studentar som har emnet som obligatorisk emne i grada si har førsteprioritet ved opptak.
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet er delt inn i tre deler: mikrobiologi, zoologi og botanikk. Kvar del inkluderar 4-6 doble timar med undervisning og 4x4 timar med lab, og blir avslutta med eit seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på laboratoriekurs og godkjent labjournal. Dei obligatorisk undervisningsaktivitetane er gyldig i 6 påfølgande semester frå det semesteret dei blei gjennomført og godkjent.

I tillegg er det obligatorisk oppmøte på orienteringsmøte og labførelesninga.

Vurderingsformer

Mappeevaluering der karakteren er basert på:

  • Poeng frÃ¥ tester pÃ¥ seminar (15% av karaktergrunnlaget).
  • Poeng pÃ¥ labrapport (15% av karaktergrunnlaget).
  • Avsluttande skriftleg eksamen pÃ¥ 3 timar (70% av karaktergrunnlaget).

Eksamen består av tre delar som kvar tel 1/3: mikrobiologi, zoologi og botanikk.

Studentar som tar opp igjen emnet i semester utan undervisning (haust)

  • Studentar med gjennomført mappevurdering og registrert legeerklæring/gyldig frÃ¥vær pÃ¥ eksamen i vÃ¥rsemesteret: eksamen i pÃ¥følgjande haustsemester inngÃ¥r i mappeevaluering (poeng frÃ¥ tester pÃ¥ seminar og labrapportar i vÃ¥rsemesteret tel til saman 30% pÃ¥ karakteren og eksamen frÃ¥ haustsemesteret tel 70% pÃ¥ karakteren). Ver obs pÃ¥ at eksamen mÃ¥ gjennomførast i pÃ¥følgjande haustsemesteret for at ein skal fÃ¥ mappevurdering.
  • Studentar med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet frÃ¥ tidlegare Ã¥r kan ta eksamen og resultatet frÃ¥ denne utgjer heile karaktergrunnlaget (tel 100% pÃ¥ karakteren).

Studentar som tar opp igjen emnet i undervisningssemesteret (vår)

Studentar med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet frå tidlegare år skal berre ta avsluttande eksamen og resultatet frå denne utgjer heile karaktergrunnlaget (tel 100% på karakteren)

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester med undervisning er eksamen i slutten av semesteret (vår) og i semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret (haust).
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Tidlegare evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret i biologi har det faglige ansvaret for emnet.
Emneansvarlig
Navn pÃ¥ emneansvarlig ligger pÃ¥ MittºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Kontakt eventuelt studieveileder pÃ¥ instituttet
Administrativt ansvarlig
Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.