ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Innføring i evolusjon og økologi

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i korleis evolusjon og økologi heng saman og fører til tilpassingar i populasjonar og artar, inkludert mennesket. Emnet inneheld også grunnleggjande populasjonsdynamikk, utviklinga av biologi som fagfelt og biologien si rolle i dei store globale utfordringane. Det matematiske innhaldet i kurset er knytt til populasjonsdynamikk og naturleg seleksjon.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • ha kunnskap om evolusjonsteoriens historie og kjernelogikk, samt om Darwin og andre sentrale personar
  • kjenne til korleis evolusjon skjer pÃ¥ individ- og populasjonsnivÃ¥ og har ein molekylær basis
  • ha kunnskap om sentrale omgrep, definisjonar og teoriar innan økologi, Ã¥tferd, læring, livshistorie, populasjonsdynamikk, genetikk og evolusjon
  • ha forstÃ¥ing av korleis seleksjonstrykk oppstÃ¥r i økologisk samspel og konkurranse mellom individ og artar
  • kjenne til hovudlinjene i livet si utvikling pÃ¥ jorda, inkludert evolusjon av mennesket
  • kunnskap om kildekritikk, kritisk refleksjon rundt vitenskap og vitenskapsformidling

Ferdigheiter:

  • gjere enkle rekneoppgÃ¥ver og berekningar innan populasjonsdynamikk og genetikk, blant anna ved hjelp av rekneark
  • kunne lese og forklare grafar med forskingsresultat
  • kunne orientere seg effektivt i tilfanget av faglitteratur og kilder via egnede søkeverktøy

Generell kompetanse:

  • anvende eit presist fagsprÃ¥k med tydeleg bruk av omgrep og eintydige setningar
  • sjÃ¥ parallellar og trekke linjer mellom forskjellige biologiske disiplinar slik evolusjonsteorien knyt dei saman
  • kjenne att og diskutere evolusjonære problemstillingar i tekstar om biologiske system
  • samarbeide i grupper og resonnere og argumentere om evolusjon og økologi

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte pÃ¥ første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere Ã¥ miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte pÃ¥ første forelesing/orienteringsmøtet mÃ¥ du kontakte studieseksjonen pÃ¥ e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Det er ein fordel om studentane har Biologi 1+2, eller tilsvarande frå vidaregåande skule.
Studiepoengsreduksjon
10 SP overlapp med BIO110.
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Studentar som har emnet som obligatorisk eller tilrÃ¥dd i sin utdanningsplan vil bli prioritert dersom det er fleire søkjarar enn plasser.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet består av 7 teamer som blir gjennomført over to veker etter følgande struktur:

  • Kvart tema begynner med ei introduksjonsførelesning pÃ¥ onsdag i den første veka.
  • Etter introduksjonsførelesninga skal studentane jobbe pÃ¥ eiga hand med Ã¥ sette seg inn i temaet ved hjelp av lærebøkene og hjelpemateriell som ligg pÃ¥ læringsplattforma Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
  • Dei tre resterande gruppeundervisningane pÃ¥ tysdag, onsdag og tysdag i veka etterpÃ¥ er samarbeidslærig.

I veke 37 er det ikkje vanleg undervisning i emnet og det er då lagt opp til at studentane skal bruke undervisningstida på å gjennomføre det digitale emnet DIGI101 Digital kjeldekritikk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på første førelesning.
Vurderingsformer

Emnet har mappevurdering der karakteren er basert på tre delar:

  1. Poeng frå individuelle testar og gruppetestar (vekta likt) i starten av kvart tema på gruppeundervisninga (7 tema), der dei 5 temaa med høgast poengsum tel 25% på karakteren.
  2. Poeng frå individuelle testar i slutten av kvart tema på gruppeundervisninga, der dei 5 temaa med høgast poengsum tel 10% på karakteren.
  3. Ein skriftleg avsluttande skuleeksamen med fleirvalsoppgåver (3 timar) tel 65% på karakteren. Avsluttande eksamen må vere bestått for å bestå emnet.

Studentar som består del 3 får ein bokstavkarakter basert på alle tre vurderingsdelane, vekta slik som i lista ovanfor, der progresjon kan avgjere vippetilfelle.

Studentar som tidlegare har gjennomført delar av karaktergrunnlaget kan velje å ta opp ein eller fleire delar i undervisningssemesteret (det er ikkje høve til å ta opp berre utvalde tema av del 1 og 2). Den beste presentasjonen på kvar vurderingsdel nyttast til å rekne ut ny karakter. Poeng frå tidlegare semester kan bli justert om det er nivåforskjellar frå år til år, til dømes grunna vanskegrad på eksamensoppgåvene.

Dei tre vurderingsdelane er gyldige i åtte semester, inkludert semesteret dei blir gjennomført i.

Ta kontakt med studieseksjonen dersom gyldigheita av vurderingselementa har gått ut for å sjekke om du likevel kan ta opp emnet.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester

Haust.

Det vert arrangert sjukeeksamen tidleg i vårsemesteret dersom det er studentar med gyldig fråvær på avsluttande eksamen (del 3) i haustsemesteret. Desse må søkje om tidleg eksamen via digitalt skjema på denne sida.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i .
Hjelpemiddel til eksamen
Tillatne hjelpemiddel på alle vurderingselementa: kalkulator
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.