ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Arbeid med arabiske tekstar

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Hovudmålet med emnet er å lære om korleis tilnærma seg autentiske tekstar på ein fagleg og kritisk måte. Språkferdigheitene og grammatikkunnskap vert framleis vidareutvikla frå ARA120, men i dette emnet er tekstane i stor grad autentiske og forfattarskap, kontekst og kommunikasjonssituasjonen er difor med i analysen. Språkteknologiske verktøy er tillatne på eksamen og tatt med i undervisninga og studentane skal kunne forklare fordelane og ulempene med til dømes digitale omsetjingsverktøy.

Emnet inneheld nokre få utvalde, viktige tekstar og sjangrar i arabisk litteraturhistorie, religion og samfunn, men hovudfokuset er på å forstå, analysere og omsetje tekstar eller tekstutdrag med eit moderne mediespråk- og generell sakprosa på middels nivå. Emnet inneheld og grunnleggjande dialektlære og den systematiske forskjellen mellom moderne standardarabisk og ei vald dialekt.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten

  • kan analysere og beskrive ein autentisk arabisk tekst, eller utdrag av ein tekst, med fagomgrepa frÃ¥ dette og tidlegare disiplinemne.
  • kan reflektere og argumentere for ulike tolkingar og omsettingar.
  • kan nytta grammatikk som til dømes konjunksjonar, vilkÃ¥rssetningar og relativsetningar i tillegg til grammatikken frÃ¥ ARA120, til analyse og kortare tekstproduksjon pÃ¥ middels høgt nivÃ¥.
  • kan formidle sentrale trekk om utvalde tekstar og sjangrar frÃ¥ arabisk litteraturhistorie, religion og samfunn.
  • har innsikt i dialektlære og systematiske forskjellar mellom moderne standardarabisk og ei vald dialekt og kunne gje att hovudtrekka i desse.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan lese, forstÃ¥ og omsetje mediatekster og generelt fagsprÃ¥k pÃ¥ høgt mellomnivÃ¥ med hjelpemiddel.
  • kan identifisere rota og slÃ¥ opp i ei rot-basert ordbok alle ord med sterke røter og 90 % av ord med svake røter.
  • kan bruke ein referansegrammatikk pÃ¥ høgt mellomnivÃ¥.
  • kan bruke sprÃ¥kteknologiske hjelpemiddel til eigen tekstproduksjon, omsetjing og sprÃ¥klæring pÃ¥ ein fagleg og kritisk mÃ¥te.
  • kan skrive pÃ¥ mellomnivÃ¥ med hjelpemiddel og delta i enkle samtaler.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle innhald i arabisk tekstar pÃ¥ ein fagleg og kritisk mÃ¥te.
  • kan drøfte og reflektere omkring eigen sprÃ¥klæring.
  • kan drøfte eigen bruk av digitale, sprÃ¥kteknologiske hjelpemiddel i sprÃ¥klæring og omsetjing.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Studentane må ha fullført og bestått ARA100 og LES100. I tillegg må studentane ha vore meld til undervisning , fullført og fått godkjent dei obligatoriske undervisningsaktivitetane i ARA120.
Anbefalte forkunnskaper
Faglitteraturen er skriven både på norsk og engelsk. Difor er det eit føremon om studenten meistrar å bruke norsk og engelsk på eit høgt nivå.
Studiepoengsreduksjon
PÃ¥ grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for ARA210 redusert med 15 studiepoeng om det vert kombinert med ARA211.
Krav til studierett
Emnet er opent for studentar med studierett pÃ¥ bachelorprogrammet i arabisk sprÃ¥k med Midtaustens historie. Studentar med studierett pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og som har fullført ARA100 og ARA120, kan søkje om opptak til ARA210.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i emnet er bygd opp av tolv veker med to timar førelesingar og fire timar seminar (totalt seks timar med undervisning per veke).

Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer til døme gruppearbeid med rom for å diskutere tekstar og kontekst. Gjennom semesteret vil det vere stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid til døme oppgåveløysing og liknande.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I emnet er det krav om å gjennomføre og få godkjent fire undervisningsaktivitetar. Alle fire må vere greidd i same semester. Kvar student må:

  • møte til minimum 50 % av undervisinga.
  • skrive tre obligatoriske oppgÃ¥ver som kvar for seg dekker følgande tema:
    • samanlikning av moderne standardarabisk og vald dialekt.
    • grammatisk analyse, kommentar og omsetjing av vald tekst eller tekstutdrag frÃ¥ pensum.
    • eit essay om refleksjonar omkring eigen sprÃ¥klæring.

Gjennom oppgåvene får kvar student øvd på analyse- og utgreiingsarbeid, samt trening i å skrive ein reflekterande tekst. Kvar student får tilbakemeldingar på oppgåvene undervegs i semesteret med svar på kva ein har forstått eller kva ein bør arbeide meir med før eksamen.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester. Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er gyldig i undervisningssemesteret og i dei to påfølgjande semestera.

Vurderingsformer
Studentane skal møte til ein heimeeksamen med eit omfang på fire dagar. Heimeeksamen skal vere på 3000 ord +/- 10 prosent. Eksamen vert skriven på norsk.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårstsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for bruk i haustsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen

Studentane har alle hjelpemiddel tilgjengelege då eksamen vert løyst heime frå, men ein minner om at den innleverte oppgåva skal vere studenten sitt sjølvstendige arbeid.

Ein viser elles til , inkludert kunstig intelligens. Emneansvarleg vil ved semesterstart gjere greie for dei faglege retningslinjene kring bruk av kunstig intelligens i akkurat dette emnet.

Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for arabisk språk med Midtaustens historie.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.