ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Lektor i naturvitskap og matematikk (integrert master)

Lektorprogrammet gir deg det du treng for å jobbe som lærar i realfag i ungdomsskolen og vidaregåande skole.

Kva lærer du?

Du fÃ¥r ei solid fagutdanning i to realfag samtidig som du lærer korleis planlegge undervisning og legge til rette for læring i desse faga. Du fÃ¥r prøvd deg som lærar i løpet av ein omfattande praksis. Du fordjupar deg mest i det eine realfaget og avsluttar studiet med ei masteroppgÃ¥ve i dette faget. MasteroppgÃ¥va kan enten ha fokus pÃ¥ undervisning og læring i faget, eller vere reint realfagleg. 

Du kan velje mellom desse kombinasjonane av to realfag: 

  • matematikk og fysikk
  • kjemi og matematikk
  • biologi og matematikk
  • biologi og kjemi
  • matematikk med naturfag som fag 2

I tillegg til fagleg kompetanse i desse faga, får du kunnskap om kva som skaper god læring og undervisning. Kva gir den beste læringa i dei faga du skal undervise i og for den aldersgruppa det gjeld? Dette får du svar på i pedagogikk og fagdidaktikk, og gjennom praksis.

Studiekvardag

Du vil frÃ¥ starten av studiet høyre til eit kull, slik at du raskt blir kjent med dei andre studentane pÃ¥ programmet.  

I dette profesjonsstudiet har du noko undervisning og nokre aktivitetar saman med berre andre lektorstudentar, for eksempel i pedagogikk. Mykje av den realfaglege undervisninga har du ogsÃ¥ saman med andre realfagstudentar, og du fÃ¥r dermed det same faglege nivÃ¥et pÃ¥ utdanninga di. 

Undervisninga kan ha ulike former avhengig av fag, for eksempel forelesing, gruppearbeid, seminar, laboratorieøving og feltkurs. 

Praksis er ein sentral del av lektorutdanninga, og du skal ha 100 dagar praksis i løpet av studiet.

Litteraturen og undervisninga er pÃ¥ norsk og engelsk.  

Lektorprogrammet er eit krevjande fulltidsstudium, der du vil ha ansvar for mykje av arbeidet sjølv. Totalt mÃ¥ du rekne med Ã¥ bruke 40 timar i veka pÃ¥ studiet.  

Kva kan du jobbe som?

Lektorprogrammet i naturvitskap og matematikk kvalifiserer deg til å undervise i ungdomsskole og vidaregåande skole. Du får en solid utdanning i to realfag, og kombinert med pedagogisk innsikt og praktisk erfaring blir du godt rusta til å formidle fag på en engasjerande og forståeleg måte, og til å møte elevane der de er.

Utdanninga gir deg ogsÃ¥ moglegheiter utanfor skolen. Med en mastergrad i realfag frÃ¥ Universitetet i Bergen er du aktuell for jobbar i næringslivet, der det er behov for realistar med sterk faglag bakgrunn, formidlingsevne og analytiske ferdigheiter. 

Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: LÆREAL

Generell studiekompetanse, i tillegg til gjennomsnittskarakter 3 eller betre i norsk, minst 35 skulepoeng og Matematikk R1 (eller S1 og S2). I tillegg anten:

  • Matematikk R2
  • Fysikk 1 og 2
  • Kjemi 1 og 2
  • Biologi 1 og 2
  • Informasjonsteknologi 1 og 2
  • Geofag 1 og 2
  • Teknologi og forskingslære 1 og 2

I tillegg: Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

1. semester:

s (10 studiepoeng)

Emne i realfag (20 studiepoeng)

2. semester

Emne i realfag (30 studiepoeng)
KPDAG1- Kampuspraksisdag 1: Mobbing (1 dag)

KPDAG2 - Kampuspraksisdag 2: Ungdomskultur: identiteter og utfordringer (1 dag)

3. semester

(10 studiepoeng)

Emne i realfag (20 studiepoeng)

4. semester

Emne i realfag (30 studiepoeng)

KPDAG3 - Kampuspraksisdag 3: Digitale verktøy i skolen (1 dag)

KPDAG4 - Kampuspraksisdag 4: Undervisning om kontroversielle tema (1 dag)

5. semester

Ex.phil (10 studiepoeng) 

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng)

KPDAG5-MN - Kampuspraksisdag 5 for realister: Læringsarenaer utanfor klasserommet (1 dag) 

LANGPRAKSIS1 – Første langpraksisperiode 

6. semester

Emne i realfag (30 studiepoeng)

7. semester

Emne i realfag (30 studiepoeng)

KPDAG6 - Kampuspraksisdag 6: Kontaktlærerrollen (1 dag)

KPDAG7 - Kampuspraksisdag 7: Skolens hjelpeapparat (1 dag)

8. semester

(10 studiepoeng)

KPDAG8-MN  - Kampuspraksisdag 8 for realister: Undervising for berekraftig utvikling (1 dag)

LANGPRAKSIS2 – Andre langpraksisperiode 

Velg to av disse emnene:

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng)

9. semester

Emne i realfag (30 studiepoeng)

10. semester

KPDAG9-10 - Kampuspraksisdag 9 og 10: Lektorutdanningskonferansen "Den lærende læreren" (2 dager)

Masteroppgåve (30 studiepoeng)

 

for nærmare informasjon om kva realfagsemne som inngår i dei ulike fagkombinasjonane og kvar dei kampusbaserte dagane er plassert.

(Studenter tatt opp før 2024 kan finne oversikt over studieløp i Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´)

Studieretningar
Utveksling

I løpet av lektorprogrammet kan du reise på utveksling eitt semester for å ta emne på eit universitet i utlandet. Nokre studentar får også kvart år anledning til å ha ein praksisperiode i Cape Town.

Vidare studiemoglegheiter

Med lektorutdanning har du òg ein mastergrad som kan kvalifisere til søknad til ph.d.-program.
Du kan bygge på utdanninga med eit tredje undervisningsfag ved å ta 60 studiepoeng i eit anna skolefag, slik at du kan undervise i fleire fag. Det finst også ulike moglegheiter for etter- og vidareutdanning for eksempel innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: lektor.realfag@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Lektorprogram i naturvitenskap og matematikk