ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Andre langpraksisperiode

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet har som overordna mål å gi ei praksisopplæring som gjer studenten i stand til å ta eit sjølvstendig ansvar for å fremje læringa og den faglege utviklinga til elevane. Studenten skal planlegge og gjennomføre eit lengre undervisningsforløp. Studenten skal legge til rette for at elevane får vist kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Studenten skal ved hjelp av pedagogisk og fagdidaktisk teori kunne kritisk reflektere over og grunngi dei val læraren står overfor og gjer.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om overordna mÃ¥l for faga og skulen som heilskap
  • har kunnskap om korleis elevar lærer i faget
  • har kunnskap om grunnlag og prinsipp for tilpassa opplæring

Ferdigheiter:

Studenten kan

  • tilpasse undervisninga til elevane sine føresetnader
  • praktisere god og tydeleg klasseleiing og vere bevisst den relasjonsbyggande rolla til klasseleiaren  
  • anvende eit breitt utval undervisnings- og vurderingsformer og grunngi val ved hjelp av pedagogisk og fagdidaktisk teori
  • dokumentere og vurdere elevane si læring og gi tilbakemeldingar for Ã¥ fremje læring i faga
  • bruke relevante verktøy i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, og kan rettleie elevar i den digitale kvardagen deira

Generell kompetanse:

³§³Ù³Ü»å±ð²Ô³Ù±ð²Ô k²¹²Ô

  • grunngi og utvikle sin eigen profesjonelle praksis i trÃ¥d med forskningsbasert kunnskap og profesjonsetiske normer
  • kommunisere med elevane om fag og læring utifrÃ¥ deira nivÃ¥
  • etablere gode relasjonar til elevar, kollegaer og andre profesjonar i skulen
  • identifisere særskilte behov hos barn og unge i vanskelege situasjonar, og vite kva tiltak ulike aktørar i støtteapparatet rundt eleven rÃ¥r over

Studiepoeng, omfang

Ingen

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù

Undervisningssted

Praksisskular tilknytta ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
Krav til forkunnskaper

For å kunne starte på langpraksis 2 må ein ha greidd:

For lektorstudentar i nordisk, framandspråk, historie/religion og sosiologi må dei 130 studiepoenga være fordelt slik: 70 studiepoeng i fag 1 og 60 studiepoeng i fag 2

Anbefalte forkunnskaper
Kampuspraksisdag 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7 og 8
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på femårig lektorprogram.
Arbeids- og undervisningsformer

Praksisperioden i skulen har eit omfang på 35 dagar, og inneber aktiv deltaking frå lektorstudentane.

Praksis inneheld dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein lærar, og inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, elevsamtalar, foreldresamarbeid, møte- og samarbeidstid og andre praksisrelevante aktivitetar. I tillegg er rettleiing ein sentral del av praksis. Det skal leggjast til rette for at studenten også får observere lærarar og medstudentar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • 100 % obligatorisk deltaking
  • Praksislogg skal vere utfylt med dokumentasjon pÃ¥ at minst fem av loggaktivitetane er gjennomført i løpet av praksisperioda.
Vurderingsformer

Praksis

Studentar som får ikkje bestått på emnet har høve til å ta emnet på nytt éin gong til.

Praksisbesøk og sluttvurdering av praksis

Praksisbesøk blir gjennomført av pedagogar og fagdidaktikarar frå Universitetet i Bergen. Studentar har normalt to praksisbesøk per praksisperiode. Besøka vert vurdert til godkjent eller ikkje godkjent. Dersom eit praksisbesøk ikkje blir godkjent, blir det normalt sett opp eit tredje besøk.

Bestått praksis: Grunnlaget for å få bestått praksis er at begge praksisbesøka er godkjende, at skulen foreslår bestått som sluttvurdering, og at alle obligatoriske undervisningsaktiviteter er godkjende.

Ikkje bestått praksis: Dersom alle praksisbesøka er vurdert som ikkje godkjende, og skulen foreslår ikkje bestått i sluttvurderinga, så gir det ikkje bestått som samla vurdering.

Sluttvurdering: Praksisrettleiar gir løpande tilbakemeldingar til studenten i praksisperioden, og sender forslag til sluttvurdering etter at praksis er gjennomført.

Tvil om greidd praksis: Dersom det ved avslutta praksis er tvil om sluttvurderinga, skal det haldast eit sluttvurderingsmøte. Føremålet med møtet er å vedta om praksis er bestått eller ikkje bestått.

Nærare spesifikasjonar for vurdering av praksis finst i praksisreglementet for lektorutdanninga ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù
Litteraturliste
Ingen
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt
Programansvarlig
Felles programstyre for lektorutdanninga har det faglege ansvaret for lektorutdanninga.
Emneansvarlig
Felles programstyre for lektorutdanninga har det faglege ansvaret for praksisordninga i lektorutdanninga.
Administrativt ansvarlig
Lektorsenteret