ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Læreplan og undervising

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet har som overordna mål å gje lektorstudentar fagleg forståing for læreplanen og undervisninga i ljos av allmenndidaktiske problemstillingar og pedagogisk teori.

Studentane vil for det fyrste få eit oversyn over korleis læreplanen i skulen både historisk og i samtida, vert forma av utdanningspolitiske strøymingar. Læreplanen er den sentrale didaktiske ressursen i lærararbeidet, samstundes som han er eit verktøy for politisk styring. Emnet vil gje innsikt i problemstillingar som spring ut av dette spenningsforholdet, særleg knytte til ulike didaktiske omsyn læraren må balansere.

For det andre vil emnet gje ei innføring i prinsipp om inkludering og tilpassa opplæring og kva desse inneber i praksis, både knytte til mangfald i individuelle føresetnader og skulen som ein fleirkulturell institusjon.

For det tredje vil emnet bidrage til studentane sitt kunnskapsgrunnlag for å kunne gjere reflekterte didaktiske og pedagogiske val. Her vil emnet presentere teoriar om læring (kognitive, sosiale, estetiske), motivasjon og moralsk danning. Vekta vil liggje på korleis teoriane kan gje føringar for god undervisning og kva som skaper gode læringsmiljø.

Gjennom deltaking i emnet vil studentane få styrke danninga av eigen profesjonell identitet og få øve opp dygder som pedagogisk takt og kritisk tenking.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har brei kunnskap om allmenndidaktiske perspektiv pÃ¥ undervisning og læreplanar
  • har fagleg forstÃ¥ing for historiske og samtidige samanhengar mellom utdanningspolitikk og læreplanar
  • har oversyn over og kunnskap om sentrale teoriar om læring, motivasjon og moralsk danning, og deira tyding for undervisning og læringsmiljø
  • har innsikt i prinsipp om inkludering og tilpassa opplæring som ideal og praksis, samt kunnskap om den spesialpedagogiske tiltakskjeden.
  • har kunnskap om det fleirkulturelle klasserommet historisk og i notid, og kjenner til dei lovmessige og politiske føringane som gjeld for samar, nasjonale minoritetar og minoritetssprÃ¥klege elevar generelt

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan pÃ¥ ein sjølvstendig og reflektert mÃ¥te drøfte praktiske undervisningssituasjonar og aktuelle læreplanar i ljos av allmenndidaktiske og utdanningspolitiske perspektiv
  • kan gjere bruk av teoriar om læring, motivasjon og moralsk danning til Ã¥ analysere og diskutere god undervisning og eit godt læringsmiljø
  • kan drøfte fagleg korleis prinsipp om inkludering og tilpassa opplæring kan sjÃ¥ ut i praksis
  • kan drøfte dilemma som kjem til uttrykk i det fleirkulturelle klasserommet
  • kan nytte casemetodikk som verktøy til Ã¥ reflektere over aktuelle problematikkar i lys av teori og forsking.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan syne kritiske vurderingsevne
  • kan gjere nytte av sentral pedagogikkfagleg og allmenndidaktisk kunnskap for Ã¥ reflektere over og grunngje praktiske avgjersler i læraryrket

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
PEDA121 + PEDA122 = 10 studiepoeng i reduksjon.
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på femårig lektorprogram.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert i førelesingar og seminar i mindre grupper. Seminara legg opp til studentaktive undervisningsformer og det vert forventa at studentane førebur seg ved å lese avtalte tekstar i forkant av seminara.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Førebudd deltaking pÃ¥ seminar
  • Munnleg presentasjon av oppgÃ¥ve basert pÃ¥ arbeid med case
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform

  • Skuleeksamen (5 timar)
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust og vår.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i trÃ¥d med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakende evaluering og ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarlig
Det matematisk-naturvitskapelege fakultetDet humanistiske fakultetDet samfunnsvitenskapelege fakultet
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet