ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Studieplan for MAHF-RUSS Masterprogram i russisk, vår 2026

Omfang og studiepoeng

Namn på grad

Master i russisk

Fulltid/deltid

Fulltid


Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, må du levere formell søknad til instituttet. Les meir om dette i

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

Norsk, russisk og evt engelsk ved behov.

Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Studiestart - semester

Haust. Det kan vere aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt med studierettleiar ved spørsmål om opptak.

MÃ¥l og innhald

Studiet har som mål å utdjupe kunnskapane og vidareutvikle ferdigheitene som studentane har med seg frå tidlegare russiskstudium i russisk språk, litteratur og kultur, og gir djupnekunnskap på problemfeltet til den sjølvvalde masteroppgåva.

Studiet skal auke dei teoretiske kunnskapane, øve opp evna til kritisk refleksjon og gje ei grunnleggjande forskarskolering som set studenten i stand til å leggje fram, diskutere og drøfte faglege problemstillingar, munnleg (på masterseminar, under rettleiing og i presentasjon av masteroppgåva) så vel som skriftleg (i masteroppgåva og andre skriftlege arbeid), på norsk (evt. engelsk) og på russisk. Elles vil masterstudiet i russisk utvide og styrkje den språklege kompetansen både munnleg og skriftleg.

Studiet tar opp sentrale tema innanfor russisk språk-, litteratur- og kulturvitskap.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù±ð

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten har

  • god innsikt i indre og ytre russisk sprÃ¥khistorie og sprÃ¥kstruktur og fordjupa kunnskap om einskilde emne i russisk sprÃ¥kvitskap, til dømes innanfor russisk sosiolingvistikk, dialektologi eller korpuslingvistikk
  • avansert kunnskap om korleis ein utformar akademiske tekstar, pÃ¥ russisk sÃ¥ vel som pÃ¥ norsk, medrekna om oppbygging, analyse, argumentasjon, stilnivÃ¥ og terminologi
  • solid breiddekunnskap om russisk sprÃ¥k, kultur og samfunn og fordjupa innsikt i somme problemstillingar, tema eller periodar innanfor anten russisk sprÃ¥k-, litteratur- eller kulturvitskap, avhengig av kva disiplin og tematikk som har vore tilbydd for særemnet RUS303
  • solid kunnskap innan tematikken for valemnet
  • djupnekunnskap pÃ¥ problemfeltet til den sjølvvalde masteroppgÃ¥va innan russisk sprÃ¥k, litteratur eller kultur, eller eit felt i grenseomrÃ¥da mellom desse disiplinane

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • arbeide kritisk og sjølvstendig med problemløysing pÃ¥ grunnlag av erverva fagkunnskap innan russisk sprÃ¥k, litteratur og kultur og nytte teoriar og metodar som har inngÃ¥tt i pensum og undervisninga og/eller har blitt nytta i arbeidet med heimeoppgÃ¥ver og masteroppgÃ¥va
  • forstÃ¥ og nytte eit vidt generelt, sÃ¥ vel som filologisk omgrepsapparat pÃ¥ russisk, bÃ¥de skriftleg og munnleg
  • setje seg inn i og omsetje forholdsvis avanserte russisksprÃ¥klege tekstar innan ulike sjangrar, problemfelt og spesialomrÃ¥de med hovudvekt pÃ¥ filologi
  • utarbeide og halde munnlege innlegg, delta i faglege diskusjonar pÃ¥ bÃ¥de russisk og norsk og ta del i den offentlege debatten nÃ¥r denne rører ved fagomrÃ¥det
  • nytte breiddekunnskapen sin om russisk kultur og samfunn, djupnekunnskapen sin om russisk sprÃ¥k og litteratur og den praktiske dugleiken sin i russisk sprÃ¥k og akademisk skriving til problemløysing, formidling og vidare forsking pÃ¥ dette og liknande fagomrÃ¥de

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan gjere effektive kjeldesøk, handsame innhenta materiale pÃ¥ ein konstruktiv og forsvarsetisk forsvarleg mÃ¥te og bruka IKT-verktøy som er naudsynte for Ã¥ gjennomføre sjølvstendig arbeid innanfor fagomrÃ¥det
  • har ei kritisk, reflektert og analytisk haldning til kjelder som til dømes vitskapelege publikasjonar, innsamla forskingsmateriale, formidlingsplattformar og oppslagsverk, sÃ¥ vel som til teoriar, tolkingar og metodar innanfor studiet sine fagomrÃ¥de
  • kan utarbeide og formidle faglege framstillingar, munnleg og skriftleg og bÃ¥de med korte fristar og i eit meir langsiktige perspektiv, og gjennomføre sjølvstendig forskingsarbeid med noteapparat, referansar og bibliografi under rettleiing
  • har godt innarbeidd kompetanse i praktisk omsetjing mellom russisk og norsk og kunnskap om sentrale strategiar og val i dette arbeidet
  • har solid kompetanse i langsiktig utviklings- og prosjektarbeid og kan sjølvstendig halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering

Opptakskrav

Masterprogrammet i russisk byggjer på ein bachelorgrad med 80 studiepoeng fagleg fordjuping i russisk språk, litteratur og kultur, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i russisk

Andre bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i russisk sprÃ¥k, litteratur og kultur eller tilsvarande.

Du må også ha:

  • Snittkarakter pÃ¥ minimum C i emna du fÃ¥r opptak pÃ¥ grunnlag av.
  • SprÃ¥kkrava i bÃ¥de norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med , anten pÃ¥ grunnlag av norsk vidaregÃ¥ande skule eller pÃ¥ annan mÃ¥te.

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje relevant.

±õ²Ô²Ô´Úø°ù¾±²Ô²µ²õ±ð³¾²Ô±ð

Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.

Obligatoriske emne

  • RUS301 Russisk sprÃ¥khistorie og sprÃ¥kstruktur (H, 15 stp)
  • RUS302 Tekst og skriftleg russisk (H, 15 stp)
  • RUS303 Særemne i russisk sprÃ¥k-, litteratur- eller kulturvitskap (V, 15 stp)
  • RUS350 ²Ñ²¹²õ³Ù±ð°ù´Ç±è±è²µÃ¥±¹±ð (H, V, 60 stp)

Studentane vel i tillegg emne på til saman 15 stp, sjå nærare spesifikasjonar under «Tilrådde valemne».

Studentane får òg tilbod om munnleg undervisning med språkpedagogane under heile studieløpet. Studentane skriv masteroppgåve i det 3. og 4. semesteret, men blir oppmoda til å delta på undervisninga som ligg under RUS350 - masterseminar og munnleg undervisning - frå første semester av.

Tilrådde valemne

  • RUS306 Særemne (V, H, dersom tilbydd, 15 stp)
  • RUS307 Særemne (V, H, dersom tilbydd, 5 stp)
  • ALLV201 Allmenn litteraturvitskap Litteraturteoretisk særemne (V, H, 15 stp)
  • LING313 Metode for sprÃ¥klege mastergrader (V, 15 stp)
  • eller etter søknad eit anna godkjend valemne som blir tilbode ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller ved eit anna universitet

Minst eitt masteremne må vere i same disiplin (språk, litteratur eller kultur) som masteroppgåva. Masteremne i same disiplin skal representera ulike område i disiplinen.

Studentar som skriv masteroppgåve i litteratur, tek i tillegg RUS306 (særemne, lesekurs, 15 stp) fellesemnet ALLV201 (15 stp) eller etter søknad eit anna godkjend valemne som stør opp under oppgåva, gjerne ein kombinasjon av RUS307 (særemne, lesekurs, 5 stp) og eit anna 10 stp-kurs.

Studentar som skriv masteroppgåve i språk, tek i tillegg RUS306 (særemne, lesekurs, 15 stp), fellesemnet LING313 (15 stp) eller etter søknad eit anna godkjend valemne som stør opp under oppgåva, gjerne ein kombinasjon av RUS307 (særemne, lesekurs, 5 stp) og eit anna 10 stp-kurs.

Studentar som skriv masteroppgåve innan kultur, vel etter søknad det emnet som best stør opp under oppgåva, gjerne RUS306 (særemne, lesekurs, 15 stp) eller ein kombinasjon av RUS307 (særemne, lesekurs, 5 stp) og eit anna 10 stp-kurs.

Studentar kan søkja om individuell innpassing av eksamenar som er tekne ved eit anna institutt eller ein annan institusjon.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (haust)

RUS301 Russisk språkhistorie og språkstruktur (15 stp)

RUS302 Tekst og skriftleg russisk (15 stp)

2. semester (vår)

RUS303 Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap (15 stp)

godkjend(e) valemne på til saman 15 stp:

RUS306 (dersom tilbydd, 15 stp)

RUS307 (dersom tilbydd, 5 stp)

ALLV201 (15 stp) eller

LING113 (15 stp) eller

etter søknad eit anna godkjend valemne som blir tilbode ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller ved eit anna universitet

3. semester (haust)

RUS350 ²Ñ²¹²õ³Ù±ð°ù´Ç±è±è²µÃ¥±¹±ð

4. semester (vår)

RUS350 ²Ñ²¹²õ³Ù±ð°ù´Ç±è±è²µÃ¥±¹±ð

Alle emna i kursdelen (totalt 60 stp) må være fullførte før innlevering av masteroppgåva.

Studentane blir oppmoda til å delta på masterseminar frå første semester av, og til å utarbeida ei prosjektskisse i andre semester.

Studentane får òg tilbod om munnleg undervisning med språkpedagogane under heile studieløpet.

Delstudium i utlandet

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet.

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på .

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, munnleg russisk, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

Studentane blir oppmoda til å delta på masterseminar frå første semester av, og til å leggja fram eit tema for masteroppgåva, diskutera dette med faglærarane og skriva under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester. Det er også ønskjeleg at studentane utarbeider ei prosjektskisse i andre semester.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, munnleg presentasjon, heimeeksamen og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

Masterstudiet blir avslutta med ein munnleg eksamen der masteroppgåva blir diskutert.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  • A-F, der F er stryk
  • greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Fullført masterprogram med gode resultat kvalifiserer til å søkje om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag.

Relevans for arbeidsliv

Med mastergrad i russisk vil du kunna undervisa i russisk på høgare nivå og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor på felt der det internasjonaliserte samfunnet set høge krav til både språk- og kulturkunnskapar. Andre yrkesvegar kan til dømes vere arbeid innanfor kulturformidling, forlagsverksemd, media, offentleg forvaltning og omsetjing. Studiet kan dessutan danne grunnlag for forskarutdanning i russisk språkvitskap, litteraturvitskap eller kulturforsking.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i trÃ¥d med retningslinene for kvalitetssikring ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Emne- og programevalueringar finn ein pÃ¥ .

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

studierettleiar@if.uib.no
Tlf. 55 58 93 70