ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Russisk språkhistorie og språkstruktur

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet har som mål å gje studenten ei grundig innføring i ei språkvitskapleg tilnærming til det russiske språket. Emnet inneheld fire delar, 1) språkhistorie 2) tekstutdrag på kyrkjeslavisk og gamalrussisk 3) moderne russisk språkstruktur og 4) språk og samfunn.

Emnet skal formidle forståing for hovudtrekka i russisk språkhistorie, og det blir lagt særskilt vekt på å syne den relevansen språkutviklinga har for moderne standardrussisk og russiske dialektar.

Studiet gjev eit oversyn over teksttypar og litterær aktivitet frå kristninga inntil 1700-talet. Kurset byggjer vidare opp ei språkvitskapleg forståing for moderne russisk språkstruktur og presenterer sentrale emne innanfor russisk sosiolingvistikk og/eller dialektologi.

For info om masterprogrammet i russisk, sjå studieplanen.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har ei oversikt over russisk sprÃ¥kstruktur, russisk sprÃ¥khistorie, og kan beskrive dei viktigaste sprÃ¥kendringane i russisk.
  • har innsikt i sentrale sprÃ¥kendringar og sprÃ¥kvariasjonar over tid og rom og kan forklare tilhøvet mellom standardsprÃ¥k og dialektar og mellom skriftsprÃ¥k og talemÃ¥l.
  • har ei oversikt over utviklinga av det russiske skriftsprÃ¥ket og av den russiske skriftkulturen før 1700.
  • har innsikt i tilhøvet mellom sprÃ¥k og samfunn og grunnleggjande kunnskapar om russisk sosiolingvistikk.
  • har utdjupa kunnskapar om enkeltemne, som morfologisk analyse, dialektar, sprÃ¥kideologi, sprÃ¥kpolitikk o.a.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan anvende og reflektere sjølvstendig over teoretiske og metodiske tilnærmingar innanfor russisk sprÃ¥kvitskap.
  • har opparbeidd ferdigheiter i Ã¥ lese og vurdere sprÃ¥kvitskapleg litteratur, bÃ¥de pÃ¥ russisk og pÃ¥ andre sprÃ¥k.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke eit vitskapleg omgrepsapparat i behandlinga av tema knytta til russisk sprÃ¥kvitskap
  • har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til sprÃ¥kvitskaplege problemstillingar som er naudsynte for arbeid med ei masteroppgÃ¥ve om russisk sprÃ¥k.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett pÃ¥ masterprogrammet i russisk ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Studentar pÃ¥ andre masterprogram med tilfredsstillande forkunnskapar kan søkje Institutt for framandsprÃ¥k om Ã¥ fÃ¥ melde seg til emnet.
Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt 3-4 timar undervisning i veka i tolv veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To obligatoriske innleveringar. Innleveringane inneheld spørsmål frå tidlegare eksamensoppgåver og andre korte oppgåver.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer
Eksamen er ein seks timars skuleeksamen.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Russisk språkhistorie og språkstruktur har eit primærpensum og eit sekundærpensum. Primærpensum inneheld tekstar og tekstutdrag (ca 15 sider), sekundærpensum er sett saman av utvalde lærebokkapittel og artiklar frå faglitteraturen (ca. 700-900 sider) på engelsk, russisk og/eller norsk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for russisk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.