ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Historie (bachelor)

Historiefaget handlar om politikk, samfunn og kultur. Her lærer du om samfunnsutviklinga i og utanfor Noreg, i eldre og moderne tid. Ved å kjenne til og forstå utviklingstrekk i fortida, forstår vi betre verda i dag. Dermed står vi betre rusta til å gjere gode val for framtida.

Kva lærer du?

Historiefaget prøver Ã¥ finne svar pÃ¥ korleis kunnskap om fortida kan bidra til ei betre forstÃ¥ing av nÃ¥tida. PÃ¥ studiet fÃ¥r du innsikt i korleis historikarane arbeider med Ã¥ skaffe og skape kunnskap om fortida. Du lærer òg korleis ulike metodar pÃ¥verkar vÃ¥r tolking av  fortida.   

Du får innsikt i dei store linjene i historia. Du lærer om spesialfelt som for eksempel migrasjonshistorie, kvinne- og kjønnshistorie, økonomisk historie eller vitskapshistorie. Historiefaget er kjenneteikna ved stor breidde. Det blir forska og undervist i alt frå bronsealder til vår eiga tid.

Med ein bachelorgrad i historie:  

  • fÃ¥r du god oversikt over norsk og internasjonal historie  
  • fÃ¥r du god innsikt i sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar 
  • kan du drøfte og kritisk vurdere historiske framstillingar
  • har du erfaring med Ã¥ handtere store informasjonsmengder, og med Ã¥ formidle fagstoff
Studiekvardag

Bachelorprogrammet i historie er eit fulltidsstudium.  I tillegg til sjølvstudium aleine eller saman med medstudentar, kan ei vanleg veke ha 6-8 timar med undervisning i form av forelesningar og seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er pÃ¥ norsk, andre skandinaviske sprÃ¥k og engelsk. Du har stor fridom til Ã¥ forme innhald og oppbygging av graden, og vi tilbyr fleire temaval for bacheloroppgÃ¥va. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar pÃ¥ campus. PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Ã… vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.

Kva kan du jobbe som?

Som historikarar har du attraktiv kompetanse for dagens arbeidsgjevarar. Du vil fÃ¥ ferdigheiter til Ã¥ tenke sjølvstendig og analytisk, handtere store informasjonsmengder og sjÃ¥ problemstillingar frÃ¥ ulike perspektiv. 

Du kan for eksempel arbeide som:  

  • ±ôæ°ù²¹°ù
  • ²¹°ù°ì¾±±¹²¹°ù 
  • journalist eller kommentator innan media 
  • museumspedagog pÃ¥ museum 
  • rÃ¥dgjevar i offentleg forvaltning  
  • redaktør eller konsulent i eit forlag  
  • fagansvarleg i norske og internasjonale organisasjonar   
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i historie er eit treÃ¥rig fulltidsstudium, som startar i august. Du vel spesialisering i historie eller spesialisering i Midtaustens historie.   

Slik er studiet lagt opp med spesialisering i historie: 

1. semester 

Ex.phil - seminarmodell eller Ex.phil - skuleeksamen (10 studiepoeng)  

LES100 - Les og skriv (10 studiepoeng)  

HIS100 - Innføring i historie (10 studiepoeng) 

2. semester  

HIS101 - Oversyn over eldre historie (15 studiepoeng)  

HIS102 - Oversyn over nyare historie (15 studiepoeng) 

3. semester  

Valemne historie. Du kan velje mellom to til tre ulike valemne (15 studiepoeng) 

Valemne historie. Du kan velje mellom to til tre ulike valemne (15 studiepoeng) 

4. semester  

Frie emne – vel blant alle ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller utveksling (30 studiepoeng) 

5. semester 

Frie emne – vel blant alle ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller utveksling (30 studiepoeng) 

6. semester  

HIS203 - Teoriar, metodar og historiske  kjelder (15 studiepoeng)  

HIS250 - BacheloroppgÃ¥ve i historie (15 studiepoeng) 

 

Slik er studiet lagt opp med spesialisering i Midtøstens historie:
 

1. semester

Ex.phil - seminarmodell eller Ex.phil - skuleeksamen (10 studiepoeng)  

LES100 - Les og skriv (10 studiepoeng)  

HIS100 - Innføring i historie (10 studiepoeng) 

2. semester  

HIS101 - Oversyn over eldre historie (15 studiepoeng)  

HIS102 - Oversyn over nyare historie (15 studiepoeng) 

3.semester

HIM101 - Oversyn over Midtaustens historie (15 studiepoeng)

Eitt av emna 
HIM103 - Islam og politikk
HIM104 - Islam i Afrika sør for Sahara, c.1500-2000 eller 
HIM105 - Fordjuping i Midtaustens historie (15 studiepoeng)

4. semester  

Frie emne – vel blant alle ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller utveksling (30 studiepoeng) 

5. semester 

Frie emne – vel blant alle ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller utveksling (30 studiepoeng) 

6.semester

HIS203 - Teoriar, metodar og historiske kjelder og 

HIM250 -Bacheloroppgåve i Midtaustens historie (30 stp)

Utveksling

Å dra på utveksling i løpet av bachelorstudiet i historie er sterkt anbefalt! Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

Du kan reise til nesten heile verda, med ein av ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sine mange utvekslingsavtalar. Du kan blant anna reise til i Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Nederland.

Vidare studiemoglegheiter

Med fullført bachelorgrad i historie kan du ta eit toÃ¥rig masterprogram i historie ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

Dersom du kombinerer historie med mastergrad og eit årsstudium i eit anna skolefag, kan du gå vidare til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Da blir du kvalifisert til å undervise i ungdomsskolen og vidaregåande skole.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i historie

Lenke til video