ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Havteknologi (integrert masterprogram, sivilingeniør)

Dette studiet gir deg brei kompetanse innan sentrale tema i havteknologi, der du kan fordjupe deg i marine målesystem. Du lærer å forstå havteknologi og å vidareutvikle havteknologi i framtida i samanheng med teknologi og samfunnsbehov.

Kva lærer du?

Ein ferdig utdanna student pÃ¥ dette programmet:  

  • har inngÃ¥ande kunnskap om havteknologi og kan drøfte sentrale utfordringar og moglegheiter i fagfeltet
  • kan gjennomføre avanserte berekningar, mÃ¥lingar og analyser innan marine mÃ¥lesystem
  • har fagleg grunnlag for aktiv deltaking i nytenking- og innovasjonsprosessar basert pÃ¥ inngÃ¥ande kunnskap om havteknologi generelt samt djupkunnskap
Studiekvardag

Her blir du ein del av ein liten klasse og eit godt studentmiljø med tett oppfølging. 

Studiet er eit fulltidsstudium, og mange emne krev obligatorisk oppmøte og arbeidskrav gjennom semesteret. Dermed lar det seg ikkje kombinere med fulltidsjobbing utanom. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.

I løpet av ei typisk veke pÃ¥ dette studiet vil du ha 20-25 timar med forelesningar, seminar og praktiske øvingar. I tillegg kjem praksis i periodar, og tid pÃ¥ lesesalen med pensumlitteratur.

Du fÃ¥r ein smakebit pÃ¥ fagfeltet gjennom emnet HTEK101 i første semester. Du er i tett kontakt med næringslivet med praksis gjennom emnet HTEK102 i tredje eller fjerdesemester. Institutt for fysikk og teknologi skaffar praksisplassane. 

Vi er ein del av Institutt for fysikk og teknologi. Like i nærleiken ligg Realfagsbygget der det er læringssenter, bibliotek og lesesalar.

Kva kan du jobbe som?

Den marine industrien er variert, og bÃ¥de framstiller og bruker teknologi knytt til havet. 

Denne industrien inkluderer 

  • teknologiselskap som utviklar og lagar marine sensorar og marine observasjonsplattformer.
  • subsea-selskap, som bruker fjernstyrte og autonome undervassrobotar (ROV/AUV) til inspeksjon og vedlikehald av havbotnsinstallasjonar.
  • fiskeindustri som bruker akustiske sensorar til innhausting av marine ressursar
  • havbruksnæring som bruker marin sensorteknologi til overvaking av produksjon og miljø.
  • forskings- og utdanningsinstitusjonar og forvaltingsinstitusjonar
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 53.8
Primær kvote: 52.2

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: SIVING

Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2), R2 og Fysikk 1. Om du ikkje har generell studiekompetanse kan du likevel dekke kravet om du har:

  • BestÃ¥tt 1-Ã¥rig forkurs for 3-Ã¥rig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014
  • BestÃ¥tt 1-Ã¥rig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning
  • BestÃ¥tt 2-Ã¥rig teknisk fagskule (rammeplan frÃ¥ 1998/99 eller tidlegare)

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Studiets oppbygging

Det integrerte masterprogrammet i havteknologi er eit femÃ¥rig fulltidsstudium, som startar i august.  (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle dei integrerte masterprogramma og bachelorprogramma ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.   

Studiet har to komponentar: emnedel pÃ¥ 240 sp og individuell mastergradsoppgÃ¥ve 60 sp. I andre semester kan du velje mellom to emne og slik tileigne deg kunnskap i anten innovasjon eller økonomi. Valemne knytta til sjølve oppgÃ¥va utgjer 30 studiepoeng. Desse vel du i samrÃ¥d med fagleg rettleiar. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste pÃ¥ emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester (haust): 
 (10 sp)
INF100 - Programmering I (10 sp)
(10 sp)

2. semester (vÃ¥r): 
(10 sp)
(10 sp)
 eller  (10 sp)

3. semester (haust): 
(10 sp)
(10 sp)
eller (10 sp)

4. semester (vÃ¥r): 
(10 sp)
(10 sp) 
eller (10 sp)

5. semester (haust): 
 (10 sp)
(10 sp)
(10 sp)

6. semester (vÃ¥r): 
(10 sp)
(10 sp)
 (10 sp)

7. semester (haust): 
(10 sp)
Temaemne (10 sp) - Temaemne (10 sp)

8. semester (vÃ¥r): 
Vel tre valemne, totalt 30 studiepoeng. 
Velg mellom: 
PHYS205 - Elektromagnetisme II (10 sp) (haust)
PHYS263 - Laboratoriekurs i optikk (10 sp) (haust)
PHYS272 - Akustiske transdusere (10 sp) (haust)
PHYS273 - Marin akustikk (10 sp) (haust)

Sjå meir informasjon om valemne i studieplanen


9. semester (haust): (30 sp)

10. semester (vår): (30 sp)

 

 

 

Utveksling

Du kan reise på utveksling i sjette semester. Dette studiet er så nytt at vi ikkje har tilrådde utvekslingsland ennå. Tilrettelagte utvekslingsavtalar kjem snart!
 

Vidare studiemoglegheiter

Studiet gir eit godt fundament for vidare doktorgradsstudium i fagfeltet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: studie.htek@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Integrert masterprogram i havteknologi (sivilingeniør)