ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Marin akustikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

²ÑÃ¥±ô og innhold

²ÑÃ¥±ô

Emnet skal gje generell innføring i fundamentale prinsipp i marin akustikk, med vekt på fysiske mekanismar og lover, omgrep og metodar. Emnet skal gje forståing for sentrale grunnleggande metodar og problemstillingar som er aktuelle ved bruk av lyd i marine miljø.

Innhald

Emnet gir innføring i grunnleggande metodar i marin akustikk, som ein viktig basis for både teknologiutvikling og grunnleggande forsking i marin akustikk. Emnet omhandlar akustisk bølgjeforplantning i sjøen, refleksjon og transmisjon av lydbølgjer, spreiing frå gjenstandar, marine organismar, flater og volumsegment, støy og signalfluktuasjonar, utsending og mottaking av lydbølgjer med akustiske transdusarar / sonarsystem, og grunnleggande signalbehandling for marin akustikk. Emnet gir ei generell og brei innføring i marin akustikk, med vekt på fysiske prinsipp. Emnet kan vere av interesse for studentar i tilgrensande fag, som optikk og industriell instrumentering.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • forklare sentrale omgrep, lover og forklaringsmodellar innan marin akustikk
  • gjere greie for grunnleggjande fysiske prinsipp bak generering, forplantning, mottaking og prosessering av akustiske bølgjer i marine miljø
  • forklare sentrale modellar for havet som akustisk bølgjeleiar
  • gjere greie for refleksjon og spreiing av akustiske signal frÃ¥ objekt, havbotn og overflate pÃ¥ eit grunnleggjande nivÃ¥
  • beskrive havet som akustisk miljø og forplantningsmedium.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke grunnleggjande lover og samanhengar til Ã¥ løyse relativt enkle problem innan marin akustikk.

Generell kompetanse

  • Studenten har innsikt i fundamentale prinsipp innan marin akustikk, med vekt pÃ¥ fysiske mekanismer, lover og samanhengar, og forstÃ¥ing for sentrale grunnleggande metodar og problemstillingar som er aktuelle i praktiske applikasjonar av lyd i sjøen.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

²Ñ²¹²õ³Ù±ð°ù²Ô¾±±¹Ã¥

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningssted

Bergen.
Krav til forkunnskaper
PHYS111 eller tilsvarande kunnskap i mekanikk.
Anbefalte forkunnskaper

PHYS271 er ei føremon for å få godt utbyte av kurset.

MAT111, MAT112, INF100, PHYS112, PHYS116

Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om studierett knytt masterprogram eller PhD-utdanninga ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesning og rekneøvingar: 6 timar pr. veke.

Antal veker: 14.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen (100 % av karakteren).
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvalitetet på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Kontakt eventuelt studie.fysikk@uib.no.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for fysikk og teknologi har det admininstrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.