ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Allmenn litteraturvitskap (master)

På masterstudiet i litteraturvitskap får du styrka evna til kritisk å analysere alle slags tekstar, både skjønnlitterære og faglitterære. Samfunnet treng denne kompetansen mellom anna for å ta vare på den litterære kulturarven, og for å halde i hevd den kritiske lesinga av alle typar tekstar.

Kva lærer du?

Som masterstudent får du ei omfattande innsikt i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar. Du lærer litteraturvitskaplege metodar knytt til fleire sjangrar, som dramatikk, lyrikk og roman.

Du arbeider med litteratur og litteraturteori historisk, analytisk og komparativt. I masteroppgåva får du òg god tid til å gå i djupna på eit tema du interesserer deg for.

Du vil kunne svare på spørsmål som:

  • Kan vi bruke litterær analyse til Ã¥ forstÃ¥ alle typar tekstar?
  • Kva er litteraturen si oppgÃ¥ve i samfunnet?
  • Kva skil det litterære sprÃ¥ket frÃ¥ andre mÃ¥tar Ã¥ bruke sprÃ¥ket pÃ¥?

Med denne graden får du:

  • inngÃ¥ande akademisk kunnskap innan litteraturvitskap og litteraturformidling
  • evne til Ã¥ analysere problemstillingar med utgangspunkt i litteraturvitskapens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
Studiekvardag

Som masterstudent er du midt i det litterære feltet og den litterære kulturen. Du blir del av eit godt læringsmiljø med andre entusiastiske studentar. Du møter engasjerte fagfolk som driv forsking, formidling og litteraturkritikk i den litterære offentlegheita og fÃ¥r gjerne kontakt med det rike litterære livet i byen, som forfattarar, Skrivekunstakademiet, Litteraturhuset og Bergen Offentlege Bibliotek.

Programmet har undervisning i form av forelesingar og seminar, ca. sju timar kvar veke. I tillegg er det mykje sjølvstudium og skriving av masteroppgåve.

Om du skriv masteroppgåve om eit tema knytt til ei forskargruppe, vil du kunne delta der. Dette er spesielt aktuelt for deg som har forskingsambisjonar. Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, kafear og studentbar på campus.

Kva kan du jobbe som?

Utdanninga gir grunnlag for Ã¥ arbeide innan skoleverket, forlagsbransjen, media/kommunikasjon og alle former for kulturformidling.   

Framtidige arbeidsgjevarar vil sette pris pÃ¥ at du kan:  

  • skrive og formidle eit sjølvstendig akademisk arbeid bÃ¥de i og utanfor fagmiljøet, i eit presist sprÃ¥k
  • tole Ã¥ fÃ¥ og gi konstruktiv kritikk, og Ã¥ sjÃ¥ utviklingspotensialet og vurdere kvaliteten av eigne og andre sine skriftlege arbeid
  • tenke analytisk og kritisk pÃ¥ mÃ¥tar som kan bidra til nye perspektiv overalt der ein les og skriv tekst
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Sjå korleis du reknar ut karaktersnittet ditt

Søknadsfristen er 15. april for høstopptak og 1. november for våropptak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
Dei generelle opptakskrava for master pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
Dei generelle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Eit masterprogram i allmenn litteraturvitskap kan sjå slik ut frå og med hausten 2024:

1. semester 

ALLV303 - Litteraturvitskapleg særemne I (haust, 15 sp.)

ALLV304 - Litteraturvitskapleg særemne II (haust, 15 sp.)

2. semester

ALLV300 - Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære (vÃ¥r, 15 sp.)

ALLV306 - Litteraturvitskapleg særemne III (vÃ¥r, 15 sp.)

 3. og 4. semester

ALLV350 - Allmenn litteraturvitskap mastergradsoppgÃ¥ve (60 sp.)

ALLV300 og ALLV350 er obligatoriske emne i graden. I tillegg skal du velje tre emne kor minimum eitt emne mÃ¥ ha ALLV-kode. 

.

Utveksling

Det er lagt opp til at du kan reise på utveksling i eitt semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Studierettleiar hjelper deg med å planlegge utvekslinga. 

Vidare studiemoglegheiter

Mastergrad kan gi grunnlag for opptak til ph.d.-program.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i allmenn litteraturvitskap