ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Allmenn litteraturvitskap mastergradsoppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane dokumentere at dei kan finne fram til og avgrense problemstillingar, og arbeide systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer.

Masteroppgåva kan omfatte både litterære og teoretiske emne. Ein kan òg velje emne frå faghistorie, litteraturpedagogikk eller -formidling, eller ein kan ta for seg emne av tverrestetisk karakter. Som masteroppgåve kan også godkjennast fleire mindre arbeid som tematisk eller metodisk heng saman, eller delar av gruppearbeid som lar seg evaluere individuelt.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskapar

Kandidaten

  • fÃ¥r avansert kunnskap om eit større litteraturfagleg omrÃ¥de.
  • fÃ¥r høve til Ã¥ teoretisk og metodologisk fordjupning.
  • fÃ¥r oppøving i kva det vil seie Ã¥ analysera og tolka eit større fagleg materiale.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • fÃ¥r oppøving i Ã¥ handsame ein større kunnskapsmasse over tid og Ã¥ skrive eit lengre skriftleg arbeid.
  • fÃ¥r oppøving i metodisk og teoretisk sjølvrefleksjon

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan kommunisere med spesialistar og allmenta om faglege problemstillingar innanfor litteraturvitskapen og tilgrensande fagomrÃ¥de.
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid pÃ¥ ein fagleg forsvarleg mÃ¥te.
  • kan drøfte den relevansen litteraturen generelt og av fordjupingsfeltet spesielt har for andre fagomrÃ¥de og for aktuelle problemstillingar.
  • har ei velutvikla evne til Ã¥ kommunisere om litterære og estetiske problemstillingar skriftleg og munnleg.

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande.
Anbefalte forkunnskaper
Tilrådd startgrunnlag for masteroppgåva er kursdelen av mastergradsstudiet i litteraturvitskap.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett pÃ¥ masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
Arbeids- og undervisningsformer
Alle studentane får ved utgangen av det første semesteret tildelt ein fagleg rettleiar for arbeidet med masteroppgåva.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Alle mastergradsstudentar må skrive kontrakt med instituttet, der rettar og plikter er presiserte.
Vurderingsformer

Masteroppgåva skal leverast innan dei gjeldande fristane på Inspera. Etter at masteroppgåva er vurdert og bestått, går kandidaten opp til ein munnleg eksamen på ca. 45 minutt som har tilknyting til masteroppgåva. Munnleg eksamen kan justere karakteren for masteroppgåva med inntil éin karakter opp eller ned. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

Oppgåva skal vere på 25 000 - 38 500 ord (70 - 110 sider), og skal svare til ein samla arbeidsinnsats på 2 semester (60 studiepoeng). Vidare skal ein nytte skrifttype Times New Roman, Arial, Cambria eller tilsvarande med 12 punkt skriftstorleik og linjeavstand 1,5. Forside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg er ikkje inkludert i dette sideomfanget.

Masteroppgåva kan skrivast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Studenten vel ut litteratur for arbeid med masteroppgåva i samråd med rettleiar.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarlig
Programstyret for litteraturvitskap
Emneansvarlig
Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium