ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Moderne tysk språk og litteratur for lektorstudentar

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

TYS311L er ei innføring i utvalte emne frå språk- og litteraturvitskap som er knytte til analyse av og arbeid med moderne litterære verk og kulturorienterte tekstar, dvs. tekstar frå det 20. og 21 hundreåret.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskap:

Studenten

  • har god kunnskap om moderne tysksprÃ¥klege forfattarar
  • har god kunnskap om fagterminologien og omgrepa som trengs for Ã¥ skildre kjenneteikna til moderne tysksprÃ¥klege tekstar

Dugleik:

Studenten

  • kan skildre kva som skil moderne tekstar frÃ¥ «eldre» tekstar sprÃ¥kleg, stilistisk og innhaldsmessig og analysere dei
  • har inngÃ¥ande kunnskap om utvalte emne i tysk sprÃ¥k- og litteraturvitskap
  • har god kjennskap til den sentrale fagterminologien i desse emna
  • kan diskutere og formidle sentrale problemstillingar innan dei emna som blir handsama, bÃ¥de munnleg og skriftleg

Kompetanse:

Studenten

  • er i stand til pÃ¥ eiga hand Ã¥ oppdatere og utvide kunnskapane sine om moderne tysk sprÃ¥k og tysksprÃ¥kleg litteratur
  • er skriveteknisk førebudd pÃ¥ Ã¥ ta til pÃ¥ skrivinga av masteroppgÃ¥va

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
-
Anbefalte forkunnskaper
-
Studiepoengsreduksjon
TYS311 (10 stp.)
Krav til studierett
Opptak til lektorutdanninga med master i framandspråk ved Det humanistiske fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.

  • 2 dobbeltimar
  • 6 veker (til saman 6 dobbeltimar litteraturvitskap og 6 dobbeltimar sprÃ¥kvitskap)

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det skal skrivast to kortare (ca. 300-500 ord kvar) øvingsoppgåver (ei i litteratur og ei i språk) og haldast to munnlege presentasjonar i tilknyting til undervisninga (ei i litteratur og ei i språk).

Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av ein heimeeksamen og ein munnleg eksamen (ca. 30 min). Heimeeksamen skal skrivast på ei veke og vere på om lag 3000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste.

På heimeeksamenen vel ein mellom ei litteraturvitskapleg og ei språkvitskapleg problemstilling med høve til ei rettleiing.

Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne frå den disiplinen ein har valt bort i heimeeksamen. Det kan òg stillast spørsmål til heimeeksamen og pensum.

Utforminga av eksamen byggjer på innhald, øvingar og aktivitetar i undervisning/seminar og i samband med dei obligatoriske aktivitetane.

Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeeksamen 50% og den munnlege eksamenen 50% .

Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum består av

a) utvalte emne frå språk- og litteraturvitskap (til dømes utvalte grammatiske tema av generell karakter, emne frå tekst- og varietetslingvistikk, kontrastiv analyse, genrelære, tekstinterpretasjon/-analyse) på til saman ca. 300 sider og

b) litterære verk og kulturorienterte tekstar (til dømes essays, kulturreportasjar, film o.l.) med eit omfang på inntil 700 sider.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for tysk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.