ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Tysk språk og litteraturvitskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Den lingvistiske delen av emnet gir ei innføring i sentrale deldisiplinar i tysk (germanistisk) språkvitskap. Dette kan vere morfologi, syntaks, semantikk, fonologi, orddanning, tekstlingvistikk/tekstgrammatikk, pragmatikk eller fagdidaktikk.

Den litteraturvitskaplege delen av emnet gir ei innføring i sentrale retningar innan moderne litterurvitskapleg teori og metode. Dette kan t.d. være metaforteori, sjangerlære, narratologi, hermeneutikk, psykoanalyse, resepsjonsteori, kritisk teori, postkolonial teori eller gender studies.

Emnet inneheld òg eit kurs i litteratursøk og kildevurdering.

TYS307 er ein obligatorisk del av mastergradsstudiet.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om sentrale deldisiplinar i germanistisk sprÃ¥k- og litteraturvitenskap
  • har kunnskap om fagterminologien og omgrepa i deldisiplinane
  • har kunnskap om skrivetradisjonane og tekstkonvensjonane i deldisiplinane
  • har kunnskap om litteratursøk og kildevurdering

Dugleik:

Studenten

  • kan analysere tekstar ved hjelp av analyseverktya frÃ¥ dei ulike deldisiplinane
  • kan bruke fagterminologien og omgrepa i deldisiplinane sjølvstendig
  • kan formulere tekstar som svarer til tradisjonane og konvensjonane i deldisiplinane
  • kan diskutere og formidle aktuelle teoretiske problemstillingar bÃ¥de munnleg og skriftleg
  • kan fÃ¥ oversikt over litteraturen pÃ¥ eit fagfelt og bruke ulike former og metodar for litteratursøk og kildevurdering

Kompetanse:

Studenten

  • kan pÃ¥ eiga hand oppdatere og utvide kunnskapane sine om dei ulike deldisiplinane i germanistisk sprÃ¥k- og litteraturvitskap
  • tek til Ã¥ bli skriveteknisk førebudd pÃ¥ Ã¥ ta til pÃ¥ skrivinga av masteroppgÃ¥va

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
TYS317 (7,5 stp), TYS316 (7,5 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett pÃ¥ masterprogrammet i tysk ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar, der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.

  • 2 dobbeltimar
  • 12 veker (til saman 12 dobbeltimar litteratur og 12 dobbeltimar lingvistikk)
  • 2-4 timars kurs i litteratursøk og kildevurdering

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal det skrivast fire korte (ca. 500 ord) øvingsoppgåver (to i kvar av disiplinane) og haldast to munnlege presentasjonar i tilknyting til undervisninga (ei i kvar av disiplinane).

Det er òg obligatorisk å delta på kurset i litteratursøk og kildevurdering.

Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av ein 7 dagars heimeeksamen (omfang: ca. 3000 ord) og ein munnleg eksamen (omfang: ca. 30 minutt).

Den munnlege eksamenen skal innehalde ein inntil 10 minutt lang presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne frå den disiplinen ein har valt bort på heimeeksamen. På den øvrige delen blir det stilt spørsmål om pensum og heimeeksamen. Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeeksamen 50% og den munnlege eksamenen 50%.

Utforminga av eksamen byggjer på innhald, øvingar og aktivitetar i undervisning/seminar og i samband med dei obligatoriske aktivitetane.

Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust.

Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav

Litteraturliste
Pensum er på inntil 200 sider i kvar av disiplinane.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Institutt for fremmedspråk