ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Russisk språk I

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet er eit allsidig teoretisk og praktisk og kurs i russisk språk. Emnet har som mål å gje oversikt over russisk lydlære, formlære og syntaks og øve studentane opp i dugleik i skriftleg og munnleg russisk. Kurset skal danne eit grunnlag og vekkje interesse for vidare utforsking og bruk av russisk språk. Emnet skal også gje ein introduksjon til russisk litteratur, mellom anna gjennom arbeid med korte skjønnlitterære tekstar.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskapar og dugleik i teoretisk russisk grammatikk med hovudvekt pÃ¥ morfologi og syntaks
  • har fÃ¥tt ei innføring i nokre av dei meir avanserte emne i grammatikken som aspekt og passiv
  • har utdjupa innsikt i det russiske lydsystemet
  • har eit større og meir aktivt ordforrÃ¥d i russisk
  • har fÃ¥tt grunnleggjande kunnskapar om russisk litteratur og kultur

Ferdigheiter og generell kompetanse Studenten

  • har auka dugleik i praktisk russisk grammatikk og sprÃ¥kbruk
  • har øving i Ã¥ lese, forstÃ¥ og kommentere korte russisksprÃ¥klege tekstar, munnleg og skriftleg.
  • er i stand til Ã¥ omsetje tekstar pÃ¥ høveleg nivÃ¥ mellom norsk og russisk og skrive korte sjølvstendige tekstar pÃ¥ russisk
  • kan nytte russisk i digitale medium
  • er i stand til Ã¥ føre enkle samtaler pÃ¥ russisk
  • kan gje ein kort presentasjon om eit førebudd tema pÃ¥ russisk

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

20

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
RUS120 byggjer på RUS100, Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk, og det blir kravd faglege føresetnader som svarer til dette emnet.
Anbefalte forkunnskaper
Sjå krav til forkunnskaper.
Studiepoengsreduksjon
PÃ¥ grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for RUS120 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med RUS112 og med 15 studiepoeng om det blir kombinert med RUS111.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går normalt over eit heilt semester med 8-10 timar i veka. Undervisningstilbodet omfattar teori, øvingar, tekstlesing og skriftleg og munnleg russisk. Undervisningsforma vil vere førelesningar, øvingar og kollokvietimar, og arbeid med skriftlege omsetjingar og andre skriftlege arbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) minst 70% oppmøte til førelesingane

2) minst 70% oppmøte til munnlegtimane

3) innlevering av minst 70% av dei skriftlege arbeida (øvingar, eksamensoppgåver, omsetjingar til russisk og til norsk)

4) ei munnleg prøve.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer
Ein skriftleg skuleeksamen på 6 timar.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Litteraturlista inneheld diverse kursmateriale, eit grammatikkverk som gjev ei elementær og oversiktleg innføring i russisk grammatikk, eit kortfatta litteraturhistorisk oversyn og eit pensum på om lag 100 sider med korte russiskspråklege tekstar. Studentane skal òg bruke ei russisk-norsk og ei norsk-russisk ordbok.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for russisk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.