ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Bacheloroppgåve i medie- og interaksjonsdesign

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Målet med emnet er at studenten gjennom å designe eit interaktivt mediesystem og evaluere sitt eige arbeid skal få auke sine analytiske og praktiske ferdigheiter. Studentane samarbeider i grupper under rettleiing om designet, utviklinga og testinga av ein fungerande prototype av eit interaktivt mediesystem. Målet er innovasjon og nye idear, og systemet kan vere ein mobil applikasjon som hjelper journalistar i felten, ei betre løysing for samhandling med online nyhende, eit nytt sosialt medium, eit digitalt spel kor samhandlinga modellerer prosessar i samfunnet, eller eit anna interaktivt medium. Gruppa skal nytte interaktive metodar for utvikling, og utføre ein komplett brukartest av systemet. Produksjonane vil bli synte fram i Media City Bergen i slutten av semestret, og studenten må òg skrive ei individuell akademisk oppgåve basert på prosjektet.

Det er sterkt anbefalt å melde seg som deltakar i brukerstudier. Ei slik praktisk oppleving kan vere eit godt supplement for betre å forstå litteratur om brukarstudier og eksperiment.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan nytte teoretisk og praktisk kunnskap til Ã¥ formulere munnleg og skriftleg ein uavhengig evaluering av sitt eige produkt og den tilhøyrande utviklingsprosessen.
  • har kjennskap til aktuelle innovasjonspraksisar og teknologiar i bransjen og har eit realistisk perspektiv pÃ¥ korleis medieselskap opererer pÃ¥ marknaden.
  • kan gjere greie for skilnadene mellom forskingsmetode og designmetode, og forklare korleis kombinere dei to i eit praktisk orientert forskingsprosjekt.

Ferdigheiter

Studenten

  • har avanserte ferdigheiter i minst eit av dei følgjande felta: interaksjonsdesign, programmering, testing og innhaldsproduksjon.
  • kan samarbeide effektivt i grupper og med vertsselskap.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan som del av ei sjølvstendig gruppe planleggje og utvikle ein fungerande prototype av eit interaktivt mediesystem, samt evaluere sitt eige arbeid ut i frÃ¥ faglege og etiske standardar.
  • kjenner til forskings-, utviklings- og innovasjonsarbeid innan design av interaktive system, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet.

Studiepoeng, omfang

30

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù

Undervisningssted

Media City Bergen
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Emnet har fullt overlapp med INFOMEVI270
Krav til studierett
Reservert for studentar på bachelorprogrammet i medie- og interaksjonsdesign
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, workshops og rettleiing (minimum 2x 60 min rettleiing).
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske munnlege og skriftlege oppgåver, oppmøte på undervisning (minst 80%), oppmøte og presentasjon på demo-arrangement.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er kun gyldige i inneværende semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve og justerande munnleg eksamen. 

Bacheloroppgåva har ein praktisk komponent og ein individuell skriftleg komponent. 

  • Den skriftlege komponenten er ei akademisk oppgÃ¥ve pÃ¥ 5000-8000 ord. Denne oppgÃ¥va skal sette det praktiske arbeidet i ei vitskapleg samanheng. Den skriftlege delen teller 55% av den totale karakteren pÃ¥ bacheloroppgÃ¥va.  
  • Den praktiske komponenten er ein gruppeproduksjon av ein prototype til eit nytt medieobjekt eller ei forbetring av ein eksisterande praksis for ein oppdragsgivar. Det praktiske arbeidet teller 45% av den totale karakteren pÃ¥ bacheloroppgÃ¥va. 

Den justerande munnleg eksamen består av en presentasjon og utspørring av kandidaten.

Den justerande munnleg eksamen kan justere endelig karakter opp eller ned med ein karakter.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden mÃ¥ sendes før fristen for Ã¥ levere er gÃ¥tt ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.