ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Film, TV og visuell kultur: Historie og teori - bacheloroppgåve

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Målet med dette emnet er å styrkje studentane si kunnskap om visuelle tekstar sin form og innhald, og å utvikle evna til å bruke sentrale teoriar og analytiske perspektiv på utvalde medietekstar. Det blir lagt vekt på å knyte uttrykksmessige og innhaldsmessige aspekt ved medietekstane til relevante kontekstuelle faktorar. Desse kan variere frå semester til semester, til dømes i form av institusjonelle, teknologiske og/eller produksjonsmessige rammevilkår. Emnet tek også sikte på å setje tekstane inn i ein breiare kulturhistorisk kontekst. Det kan òg ha fokus på bestemte uttrykk, sjangrar, praksisar eller tema som kjenneteiknar den visuelle mediekulturen.

Dette semesteret er målet med emnet å gje studentane verktøy til å analysere TV-seriar gjennom kjønnsteoretiske perspektiv. Studentane skal utvikle evne til å bruke sentrale teoriar frå feministisk film- og medievitskap, maskulinitetsstudiar og kulturstudiar for å kunne gjere kritiske analysar av serielle forteljingar. Emnet undersøker korleis TV-seriar gjennom forteljing, karakterar og visuelle uttrykk forhandlar spørsmål om kjønn, makt og identitet, og korleis dei inngår i vidare institusjonelle og kulturhistoriske samanhengar prega av skiftande kjønnforståingar. Det blir lagt særleg vekt på sjangrar, praksisar og tematikar der kjønn spelar ei sentral rolle, og på korleis TV-seriar fungerer som ein nøkkelarena for å tenkje om kjønnsrelasjonar og samfunn i vår tid.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Etter fullført emne skal studenten ha oppnådd følgjande læringsutbytte, definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om korleis kjønn blir representert og forhandla i TV-seriar
  • har kjennskap til sentrale teoriar frÃ¥ feministisk medievitskap, maskulinitetsstudiar og kulturstudiar

Ferdigheiter:

Studenten:

  • kan analysere TV-seriar kritisk ved hjelp av ulike kjønnsteoretiske perspektiv
  • kan vurdere og nytte relevant akademisk litteratur i munnlege og skriftlege diskusjonar

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan nytte kjønnsteoretiske perspektiv i sjølvstendig arbeid med TV-seriar
  • kan halde seg oppdatert pÃ¥ relevant forskingslitteratur og formidle eigne analysar pÃ¥ ein tydeleg mÃ¥te

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Kurset byggjer på MEVI101 - MEVI104, særleg MEVI103
Studiepoengsreduksjon
  • MEVI213 (5 studiepoeng)
  • MEVI223 (15 studiepoeng)
  • MEVI233 (10 studiepoeng)
Krav til studierett
Kurset er åpent for studenter ved Bachelor Program i Media og kommunikasjon, Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesninger og seminarer med visninger
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende arbeidskrav i seminar (to av to). Arbeidskrava kan vere skriftlege og/eller munnlege, og kan innehalde praktiske øvingar i medieproduksjon eller formidling. Det er inga tidsavgrensing for godkjende arbeidskrav.
Vurderingsformer

µþ²¹³¦³ó±ð±ô´Ç°ù´Ç±è±è²µÃ¥±¹±ð, ca. 8000 ord, med veiledning.

Kan leverast på engelsk, norsk, svensk eller dansk.  

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Vurdering i undervisningssemesteret.

Studentar med gyldig frÃ¥vær slik det er definert i ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´-reglementet § 5-5 kan søkje om utvida innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden mÃ¥ sendast inn før den opphavlege innleveringsfristen har gÃ¥tt ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.