ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Retorikk og strategisk kommunikasjon

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Målretta og planlagt kommunikasjon er ein integrert del av verksemda til organisasjonar, interessegrupper og politiske parti for å kunna overtyda, informera og endra åtferd. Strategisk kommunikasjon og målgruppetenking pregar politikk og samfunnsliv, og som medborgarar blir vi utsette for finsikta påverknadsforsøk frå interessegrupper og kommersielle aktørar. I dette emnet studerer vi slik kommunikasjon.

Heilt frå retorikken til Aristoteles og sofistane og til våre dagars medie- og kommunikasjonsforsking har mennesket prøvd å greie ut korleis vi påverkar kvarandre. Emnet gir ei historisk og systematisk innføring i retorikk og strategisk kommunikasjon som generell medie-, kommunikasjons- og argumentasjonslære. Vi ser på slik kommunikasjon i forhold til kulturelle, historiske og situasjonelle omstende, og som konstruksjon av identitet. Vi drøftar forholdet til sjanger, medium og formidlingsmåtar. Vi ser på retorikk som argumentasjon, estetikk og etikk, og vi undersøkjer korleis forskjellige medier påverkar retorikk og strategisk kommunikasjon.

I emnet gjer vi ikkje berre historiske, teoretiske og analytiske studium, vi arbeider også med praktisk kommunikasjonsarbeid. Du må til dømes halde ein tale og du må gi konstruktiv tilbakemelding på dine medstudentar sine taler. Gjennomført deltaking i den praktiske formidlinga er eit krav for å få ta eksamen.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan beskriva sentrale trekk i utviklinga av kommunikativ pÃ¥verknad frÃ¥ antikkens retorikk og fram til vÃ¥re dagars mediesamfunn og strategisk kommunikasjon.
  • kan gjera greie for sentrale teoriar innan fagfeltet, frÃ¥ dei klassiske innføringar i kunsten Ã¥ tala til moderne teoriar om PR, pÃ¥verknad, strategisk kommunikasjon og retorikk i media.
  • kan gjera greie for betydninga, funksjonen til og verdien av retorikk og strategisk kommunikasjon i offentligheita, inklusiv spørsmÃ¥l om demokratiske ideal og etikk.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utføra retorisk analyse og evaluering av forskjellige ytringar og genrar
  • kan utvisa ferdigheiter i strategisk tenking og retorisk kommunikasjon og formidling, samt praktisera overtydande munnleg og skriftleg framstilling
  • kan gi tilbakemelding pÃ¥ tekst og tale, samt bidra med grunnleggjande rÃ¥dgiving i strategisk tenking og retorisk kommunikasjon

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruka kunnskapane sine til Ã¥ forstÃ¥ retoriske situasjonar, samt setja seg inn i kommunikasjonsutfordringar
  • kan bruka ferdigheitene sine til Ã¥ gjera grunnleggjande analyse, formidla og rettleia i møte med slike situasjonar og utfordringar
  • kan reflektera over spørsmÃ¥l om retorikk og strategisk kommunikasjon i forhold til funksjon, effekt, etikk og demokratiske ideal

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù

Undervisning tilbyr siste gang våren 2026

Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
MEVIX100. Studentar som ikkje har MEVIX100 anbefalast å setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart. Dette emnet gir best meining om det vert tatt saman med eller etter andre emne i medievitskap eller kultur- eller samfunnsfag.
Studiepoengsreduksjon

Full overlapp med RET101 (15 sp)

MEVI124 (10 sp)

Krav til studierett
Berre for studentar på bachelorprogram i medier og kommunikasjon, årsstudium i medier og kommunikasjon eller bachelorprogram i retorikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og seminar. Praktiske øvingar og presentasjonar vil inngå i førelesningar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande obligatoriske undervisningsaktiviteter må være godkjend for å kunne gå opp til eksamen:

  1. Gruppeundervisning:
    • Skrive, fremføre og revidere tale
    • Gi tilbakemelding pÃ¥ medstudentar sine taler
    • Skrive kronikk, kommentera pÃ¥ ein medstudent sin kronikk, revidere eigen kronikk og levere ferdig kronikk
  2. Godkjend fem av åtte kortsvarsoppgåver
  3. Oppmøte på seminar (80%)

Kronikken har fagfellevurdering mellom studentar, og dessutan tilbakemelding frå seminarleiarar eller faglærar. Talemanuskript har tilbakemelding i taleworkshop (3 timar) frå både studentar og frå seminarleiarar eller faglærar. Kronikken og talemanuskriptet inngår i eksamensmappa.

Godkjende obligatoriske undervisningsaktiviteter er bare gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Retorisk rapport:

  • Ein retorisk rapport som med bakgrunn i teoriar frÃ¥ emnet gjer greie for vurderingar som er gjort i arbeidet med anten kronikken eller talemanuskriptet. Studentane veljer sjølv kva for av desse dei ynskjer Ã¥ skrive rapport om.

Den retoriske rapporten skal vere på omlag 4000 ord.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F)
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden mÃ¥ sendes før fristen for Ã¥ levere er gÃ¥tt ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.