Kjønn og seksualitet i ein global kontekst
³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester ³ÕÃ¥°ù
- Emnekode
- KVIK206
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Engelsk
- Ressursar
-
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
³ÕÃ¥°ùen 2026 er tema for KVIK206 kjønn, seksualitet og tjukkheit. Du kan lese meir om tema for vÃ¥ren her ) | Centre for Women's and Gender Research | ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
Emnet har som siktemål å gje fordjupa, kritisk kunnskap i ein problematisk tradisjon eller arbeidsfelt innan tverrfaglege kjønnsstudium som transnasjonalt felt. Kurset tilbyr ei kontekstualisert, teoretisk orientert tilnærming til å lese kritisk teori, samstundes som ein også utviklar nærlesingsferdigheiter gjennom å syne merksemd til forma og språket til utvalde tekstar. Studentane blir oppmoda om å lese breitt for å utvikle medvit om historiske og samtidige politiske, estetiske, teoretiske og kulturelle debattar i ein global kontekst, og kan forvente å få dekka eit breitt område av tekstar frå kjønnsstudium, skeiv- og feministteoriar, postkolonial teori, kulturstudium, sosiologi, antropologi, historie og filosofi.
MÃ¥l og innhald for kurset er:
- Å kritisk undersøkje eit variert spekter av materiale med blikk på tradisjonen dei har utvikla seg i frå, og som dei kan vere avvikande frå.
- Å utforske den sosiopolitiske og teoretiske danninga av kjønn, seksualitet, avvik og ulikskap i ein global kontekst.
- Å utvikle ferdigheiter i kritisk tenking ved å fordjupe seg i sentrale teoretikarar i samtida der fokus mellom anna kan inkludere kjønn, seksualitet, klasse, funksjonshemming, rase og nasjon, og ved å tileigne seg ei betre forståing av dei historiene som formar notida.
- Å utvikle ferdigheiter som kan overførast til andre emne, og som er essensielle for framtidig yrkesutøving, slik som gruppearbeid, argumentasjon, tidsplanlegging, presentasjon og prosjektleiing.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Kunnskap:
Kandidaten...
- Har kunnskap om, og forståing for, dei historiske, politiske og kulturelle kontekstane innan eit spesifikt forskingsområde, tradisjon eller fagområde innan tverrfaglege kjønnsstudium i ein global kontekst
- syner forståing for sentrale nøkkelomgrep, problem og konseptuelle rammeverk i studiet av kjønn og seksualitet i ein global kontekst
Ferdigheiter:
Kandidaten...
- kan ta i bruk sentrale omgrep, problem og konseptuelle rammeverk innan kjønnsstudium i andre teoretiske og kulturelle kontekstar og analysere dei i ein global kontekst
- syner evne til å kunne samanstille, syntetisere og evaluere kritiske og teoretiske ressursar, og har evne til å nytte kritiske leseferdigheiter på dette materiale
Generell kompetanse:
Kandidaten...
- har evne til å samarbeide med andre, og til å kommunisere klårt, samanhengande og effektivt i gruppesituasjonar.
- evner å produsere skriftlege arbeid som følgjer faste retningsliner, og som er gjennomført og kritisk engasjerande.
- har utvikla tryggleik til å presentere stoff offentleg og for medstudentar, og opparbeida evna til å vurdere eigne behov for vidare fagleg utvikling.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil bli gitt som kombinerte førelesningar og seminar, normalt 3-4 timar i veka over 12 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. PÃ¥ emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane fÃ¥ informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei obligatorisk innlevering kvar veke. Du må levere minst 7 oppgåver for å få godkjend.
Godkjend/ikkje godkjend.