ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Skeiv teori med internasjonal digital studentutveksling

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

På grunn av utdanningssituasjonen i USA kan vi ikkje gjennomføre emnet med digital utveksling med Florida Gulf Coast University som planlagt. Emnet vil difor bli utforma som eit «student advocacy seminar» (SAS) i samarbeid med .

Emnet har som mål å gi studentane djupnekunnskap om den historiske, sosiale og kulturelle relevansen av skeiv teori i ein internasjonal kontekst.

Studentane skal samarbeide om ei rekke oppgåver eller case. Samarbeidet skal munne ut i eit objekt (film, podcast, fotoessay, intervju, eller liknande) som skal kunne integrerast i eit tenkt Bergen-internasjonalt skeivt arkiv eller ein kampanje. Arbeidet med objektet skal danne utgangspunkt for den einskilde student sitt refleksjonsessay.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • kjenner til sentrale tekstar og tema om skeiv teori og transteori.
  • har kunnskap om korleis normative strukturar formar individuell og kollektiv forstÃ¥ing av seg sjølv og andre i ein global kontekst.
  • har kunnskap om korleis kjønn og seksualitet strukturerer bÃ¥de samfunn og individuelle liv.
  • ForstÃ¥r korleis ulike maktstrukturar (som rase, klasse, kjønn, seksualitet, sprÃ¥k, alder, religion, og funksjonalitet) verkar saman i konstitueringa av individ og samfunn.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere korleis normativitet, og særleg heteronormativitet, er verksam i ulike kulturelle uttrykk.
  • kan reflektere kritisk over politiske og kulturelle kontekstar for skeiv teori.
  • kan ta i bruk skeive perspektiv for Ã¥ undersøke eigne oppfatningar.
  • kan reflektere over moglegheiter for Ã¥ skape endring.
  • kan utvikle metodar for kritisk refleksjon over omgrep og fenomen som er kopla til mangfold.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan samarbeide med andre for Ã¥ løyse oppgÃ¥ver og utvikle internasjonalt relevant kunnskap
  • kan tenke kritisk og kreativt om aktuelle samfunnsutfordringar
  • kan bruke ulike digitale verktøy for tileigning og formidling av kunnskap
  • har utvikla etisk kjensle og forstÃ¥ing for globale forskjellar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Målgruppen for KVIK103 er studentar på 3. semester i bachelor i kjønnsstudier.
Studiepoengsreduksjon
10 sp med KVIK113
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Arbeids- og undervisningsformer er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid og seminar. Studentane møtest normalt til førelesing, seminar og digital oppgåveløysing i tre timar i veka (to timar digitalt saman med internasjonale studentar, og ein time offline med studentar i Bergen).

Førelesningane legg til rette for studentaktivitet, til dømes i form av problembasert læring, der studentane må reflektere og utvikle løysningar i fellesskap.

I samband med seminarundervisning vil det bli høve til å gi og få tilbakemelding på studentaktivitetar.

I tillegg til den regulære undervisinga er det forventa at studentane arbeider i internasjonale grupper digitalt, for å utvikle produkt som kan inngå i eit tenkt internasjonalt skeivt arkiv.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk frammøte og deltaking på førelesingar og seminarundervising (minimum 75%).
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform: Mappe.

Eksamen er ei mappe beståande av

1) eit produkt tiltenkt eit imaginært internasjonalt skeivt arkiv eller ein kampanje knytt til ei aktuell problemstilling. Produktet blir utarbeidd i grupper.

2) eit individuelt refleksjonsessay på cirka 3000 ord, der den einskilde student reflekterer over det innleverte produktet og arbeidet med det, i lys av teoretiske tekstar på pensum.

Mappa får ein samla karakter, som i hovudsak er basert på den essayistiske refleksjonen over produktet i lys av pensum.

Karakterskala
Mappeoppgåva får bokstavkarakter etter skalaen A-F.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret for kjønnsstudium har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet v/ Senter for kvinne og- kjønnsforskning har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.