Materialkjemi og energimateriale
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust, VÃ¥r
- Emnekode
- KJEM244
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Engelsk.
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Emnet har som mål å introdusere studenten til faststoffkjemi og bruken av faststoff i energirelevante område. Emnet tek opp tema som syntese, identifisering og karakterisering, eigenskapar, funksjonalisering og bruk av faststoff, deriblant mikro- og mesoporøs materiale, og nanomateriale. Det vert gitt ein oversikt over eigenskapar til bulkmateriale. Kunnskapen om desse bidreg til å utvikle ei forståing av dei spesielle eigenskapar av liknande nanomaterial. Relevansen av funksjonelle material for avansert materialvitskap, katalyse og adsorpsjons-/separasjonsprosessar vert presentert, blant dei hydrogenframstilling, solceller, batteri og brenselscellar, karbonfangst og andre berekraftige separasjonsprosessar.
Emnet inkluderer praktiske øvingar som introduserer studenten for framstilling og karakterisering av ulike typar material.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om framstilling, struktur, kjemiske og fysikalske eigenskapar samt bruk av sambindingar hos faste stoff og material, deriblant porøse material.
- har kunnskap om korleis utvalde material og nanomaterial vert framstilt i praksis og korleis desse vert karakterisert.
Ferdigheiter
Studenten
- kan samanlikne og skildre typar og kjemiske og fysiske eigenskaper av faste stoff og (nano)material.
- Kan forklare framstillinga av sambindingar ved faste stoff og nanomaterial.
- Kan sette inn i samanheng strukturen av sambindingar og deira eigenskapar.
- Kan diskutere nytte og bruk av bulk- og nanomaterial.
- Kan identifisere og skildre metodar som vert nytta til å karakterisere ulike material.
- Kan utføre enkle eksperimentelle prosedyrar i laboratorium.
- Kan tolke observeringar og resultat frå målingar innhenta frå desse eksperimenta.
Generell kompetanse
Studenten
- Kan formidle sentralt innhald i faget både skriftleg og munnleg og ved hjelp av typiske uttrykksformer i faget (t.d. kjemiske reaksjonslikningar og strukturteikningar).
- Kan samarbeide i grupper
- kan gjennomføre praktisk arbeid i laboratorium.
- Kan tolke tryggleiksdatablad og informasjon om faren hos kjemikal og handtere desse i samsvar med reglane.
- Kan føre ein labjournal.
- Kan identifisere og assimilere relevant kunnskap fra undervisningsmaterialet gjennom førelesningar, gruppearbeid og på eigen hand.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust
Emne har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Undervisningssted
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
NANO244: 10 studiepoeng
NANO200: 3 studiepoeng
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Oppmøte på dei obligatoriske førelesningane, gjennomføring av laboratorieøvingar og føring av laboratoriejournal.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i tre (3) påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
1. Føring av laboratoriejournaler (30 %).
Kvar laboratoriejournal bedømmas som bestått/ikkje bestått. Om ein journal ikkje er bestått kan han leveras inn på nytt etter omarbeiding. Laboratoriedelen av KJEM244 blir vurdert som eit heile basert på laboratoriejournalane og dugleik i praktisk gjennomføring av øvingane. Begge elementa inngår i vurderinga av laboratoriekurset i karakterskalaen A-F.
2. Munnleg eksamen (tel 70 % av karakteren).
Utfyllande eksamensreglar:
1. Karakteren for føring av laboratoriejournalar er gyldig i 3 påfølgande semester etter godkjenninga.
2. I semester med undervisning:
Studentar med godkjend laboratoriekurs frå tidlegare semester kan gå opp til avsluttande eksamen, som då inngår i mappa saman med karakteren på føring av journalar. Den avsluttande eksamen tel 70 % i karaktersettinga.
3. I semester utan undervisning:
a) Studentar med godkjend laboratoriekurs kan berre gå opp til avsluttande eksamen, som då inngår i mappa saman med karakter på føring av journalar. Den avsluttande eksamen tel 70 % i karaktersetinga.
b) Studentar utan godkjend laboratoriekurs frå tidlegare kan ikkje ta eksamen.
Vurdering i laboratoriepraksis
- Vere budd til dei praktiske øvingane ved å ha den naudsynte teoretiske forkunnskapen og ha gjennomført forberedande oppgåver som var spurt om på førehand, som ein forkunnskap for gjennomføring av øvinga (til dømes berekning av mengde av stoffer).
- Vise god forståing for dei eksperimentelle prosedyrane i praksis og i teori.
- Gjennomføre eksperimenta på ein forsvarleg måte, til dømes ved å følgje reglementet for tryggleik på laboratoriet.
- Oppnå det venta eksperimentelle resultatet.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar: