Eksperimentell organisk syntese
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- KJEM232
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Engelsk
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Gjennom eksperimentelt arbeid vil studenten lære og få trening i essensielle laboratorieteknikkar for organisk syntese laboratorium. Studenten vil lære og arbeide med ein serie med sentrale syntetiske reaksjonar frå klassisk organisk syntese og moderne metallorganisk katalyserte reaksjonar. Studenten skal lære seg å arbeide på ein trygg, sikker og nøyaktig måte i samsvar med god HMS-praksis. Relevante analytiske teknikkar vil bli demonstrert og nytta. Moderne instrumentelle teknikkar vil bli nytta i nokre av eksperimenta.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan analysere og utarbeide flytskjema for avanserte fleirtrinns syntesar
- har kunnskapar om eit utval av viktige kjemiske reaksjonar og fleirtrinn syntesar og prosessar som er nytta i samband med syntese av viktige organiske sambindingar
- kunne skrive reaksjonsskjema og mekanismar for organisk syntese reaksjonar.
- kunne utføre eksperimentelt arbeid i organisk syntese laboratorium og kjenne til dei forskjellige apparata og glasutstyr som vert nytta.
- skrive syntesetabell, berekne utbytte og nokre parameterar for grønkjemi
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for dei essensielle eksperimentelle metodane som nyttast for framstilling av organiske sambindingar
- kan arbeide sjølvstendig med praktisk laboratoriearbeid og kan dokumentere eksperimentelle resultat gjennom rapportskriving
- kan planlegge og utføre fleirstegs organiske syntesar
- kan bruke relevante teoriar, eksperimentelle metodar og analyseverktøy for identifisering og kvantifisering av organiske sambindingar
- kan gjennomføre ei avgrensa undersøking av eit kjemisk problem på ein vitskapleg måte og analysere og tolke resultata i lys av relevant teori
- kan vurdere eigne og andre sine produkt og resultat, mellom anna med omsyn på uvisse og feilkjelder
- kan vurdere ulike aspekt av helse, miljø og sikkerheit (HMS), kan trygt handtere kjemisk stoff basert på kunnskap om stoffa sine eigenskapar og aktuelle risikofaktorar, og kan vurdere risiko ved bruk av desse sambindingane
Generell kompetanse
Studenten
- føre konsis laboratoriejournal og nytte denne for skriving av laboratorierapport og for å presentere resultata munnleg.
- kan formulere hypotesar og vurdere dei i lys av eksperimentelle resultat
- kan konkretisere og verifisere teoretisk kunnskap ved hjelp av eksperiment
- kan arbeide sjølvstendig og samarbeide med innanfor prosjekter og oppgåver i eksperimentell organisk syntese
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info:
Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.
Undervisningssted
Bergen
Anbefalte forkunnskaper
KJEM 231 (kan takast parallelt) og KJEM235.
.
Studiepoengsreduksjon
K231: 5stp, K242: 5 stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer
Aktivitet/ Tal på timar pr. veke
Aktivitet/ Tal på veker
Laboratoriearbeid, 2 timer i uken i 8 uker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Laboratoriekurs med laboratoriejournal og rapportar, opplæring i instrumentbruk, munnlege presentasjonar og mindre skriftlege oppgåver.
- Godkjend HMS II-kurs (vidaregÃ¥ande HMS-kurs). Dersom du ikkje har godkjend HMS II-kurs ved Kjemisk institutt ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ frÃ¥ tidlegare, mÃ¥ kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS II-kurset pÃ¥ adresse:
- Grove brot på HMS-reglar vil føre til at ein misser retten til å fullføre laboratoriekurset.
- Det er ikkje høve til å nytte meir enn 3 forsøk (semester) på å gjennomføre laboratoriekurset.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Laboratoriearbeid etter kriterium som er gjevne på førehand utgjer 45% av karaktergrunnlaget
- Laboratoriejournalar, rapportar, andre skriftlege oppgåver og munnlege presentasjonar utgjer 55% av karaktergrunnlaget
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.