Strukturoppklaring av organiske molekyl
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- KJEM235
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk. Engelsk ved behov.
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Emnet skal gje ei forståing av korleis ein kan analysere organiske sambindingar ved hjelp av spektroskopiske metodar som infraraud-(IR), ultrafiolett-synlig (UV-Vis) og kjernemagnetisk resonans-(NMR) spektroskopi, samt massespektrometri (MS). Emnet er spesielt konsentrert om tolking av data, men ei grunnleggjande forståing av dei ulike analysemetodane blir også vektlagt. I kurset vil hovudfokus ligge på metodane NMR og MS.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om prinsippa for dei ulike nemnte spektroskopiske metodane
- har kunnskap om bruk av spektroskopiske metodar som verktøy i organisk strukturoppklaring innanfor forsking, industri og helsesektor
Ferdigheiter
Studenten
- kan tolke spektroskopiske data frå IR, UV-Vis, NMR og MS, enkeltvis og kombinert, for å avklare strukturen til enkle organiske sambindingar
- kan foreta strukturoppklaring basert på teoretiske data innhenta ved hjelp av organiske analysemetodar
- kan velje relevante spektroskopiske metodar som egner seg best til eit gitt problem
Generell kompetanse
Studenten
- kan mestre gruppearbeid
- kan kunne løyse ein kompleks problemstilling ved å sette saman bitar av informasjon
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor/master
Undervisningssemester
Haust.
Studiepoengsreduksjon
K234: 10 stp, K234A: 10 stp, KJEM230: 5 stp, KJEM233: 5 stp, KJEM333: 5 stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar og oppgåver.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk deltakelse på første forelesning.
- Fire (4) oppgåveinnleveringar der den siste er ei gruppeoppgåve. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i 5 påfølgjande semester. Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjent og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
Vurderingsformer
Digital skriftleg eksamen (4 timar).
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta. Karakteren A den høgaste beståtte karakteren på skalaen, karakteren F er stryk.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets reglar
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, kontakt eventuelt Studierettleiar@kjemi.uib.no
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og
studieprogrammet.