ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Innovasjonsmetodar: Idéutvikling med designtenking

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Innovasjonsmetodar er etterspurde i alle bransjar, fordi arbeidstakarar i dag stadig må forhalde seg til endringar i arbeidslivet. Det er viktig å kunne tenkje nytt og kunne fornye målsetjingar og strategiar i lys av endringar.

Dette emnet gir ei forskingsbasert introduksjon til metodar for idéutvikling. Studentane lærer å utforske mogelege nye prosjekt og verdiforslag med systematiske metodar som til dømes dobbeltdiamanten og designtenking.

Metodar for idéutvikling krev disiplin og konsentrasjon, men ikkje nødvendigvis stor fantasi og overskridande kreativitet. Metodane hjelper studentane med å strukturere og konkretisere løysingsforslag. Kurset bygger på akademiske teoriar om kreativitet, oppfinnelse og innovasjon.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert innan kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten...

  • kan gjere greie for kva kreativitet og idéutvikling er med historiske perspektiv og teoretiske omgrep
  • kan forklare nøkkelkomponentane i ein strategi for kreativitet og idéutvikling pÃ¥ ein heilskapleg mÃ¥te
  • kan gjere greie for rollen kreativitet og idéutvikling har i det norske innovasjonssystemet

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan gjennomføre sin eigen idéutviklingsprosess ved hjelp av dobbeltdiamanten, designtenking eller tilsvarande metodar
  • kan identifisere behov og moglegheiter for idéutvikling i og utanfor organisasjonar
  • kan vurdere kvaliteten pÃ¥ ein idéutviklingsprosess kritisk

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan nyttiggjere seg metodar for idéutvikling pÃ¥ ein strategisk mÃ¥te i forskjellige samanhengar i arbeidslivet
  • kan bruke ulike kreativitetsmetodar for Ã¥ løyse problem
  • kan omstille seg til Ã¥ løyse nye problem, og forstÃ¥ nye behov og interesser ved hjelp av kreativitetsmetodar

Studiepoeng, omfang

2,5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningssted

Nettbasert undervisning pÃ¥ læringsplattformen Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
  • INNOV102 (2,5 studiepoeng)
  • MIX250 (2,5 studiepoeng)
Krav til studierett
Videreutdanningskurs. Opent for dei som har fÃ¥tt opptak til emnet gjennom ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ Videre.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er nettbasert og bestÃ¥r av læringsaktivitetar og øvingsoppgÃ¥ver i læringsplattformen Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

Emnet består av nettbaserte modular med variert digitalt læringsmateriell og aktivitetar. Emnet er bestått når alle modular er gjennomførte og godkjende av faglærar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Undervisninga er nettbasert og bestÃ¥r av læringsaktivitetar og øvingsoppgÃ¥ver i læringsplattformen Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

Emnet består av nettbaserte modular med variert digitalt læringsmateriell og aktivitetar. Emnet er bestått når alle modular er gjennomførte og godkjende av faglærar.

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Eksamen blir tilbudt i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emner blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Institutt for informasjons- og medievitenskap.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.