Kvartær geokronologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester ³ÕÃ¥°ù
- Emnekode
- GEOV329
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Engelsk, norsk om kun norskspråklege deltek
- Ressursar
-
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
²ÑÃ¥±ô:
Emnet har som mål å gi ei innføring i prinsipp og bruksmåtar til nøkkelmetodar som blir nytta for å bestemme hastigheit og alder for kvartærgeologiske og paleoklimatiske hendingar. Emnet legg vekt på å trene masterstudentar i kritisk vurdering av eksisterande geokronologiske data og i korleis dei kan nytte kvartære dateringsmetodar i eigne prosjekt.
Emnet skal legge til rette for at masterstudentar kan arbeide med eigenproduserte data, og/eller med tidlegare publiserte data som er relevante for deira prosjekt.
Innhald:
Emnet tek opp teori og metode for ei rekke dateringsmetodar, inkludert radiokarbon, uran-seriar, in situ kosmogene nuklidar og luminescens. Emnet legg vekt på den praktiske bruken av desse metodane, kritisk vurdering av resultata dei gir, og relevant god praksis innan kvartærvitskap.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- kan forklara dei viktigaste omgrepa, definisjonane og teoriane som er relevante for kvartær geokronologi (t.d. geologisk tid, radioaktivitet, presisjon og nøyaktigheit, usikkerheit)
- kan forklare og samanlikne metodespesifikke prinsipp, deira teoretiske grunnlag, fordeler og avgrensingar
- kan kritisk vurdera resultata oppnådd ved bruk av ulike dateringsmetodar (numeriske, relative, korrelasjon) med omsyn til geokronologisk og geologisk kontekst
Ferdigheiter
Studenten
- kan argumentera for kva(e) metode(r) som skal brukast for å bestemma hastigheiter og aldrar for geologiske og paleoklimatiske hendingar for eit gitt materiale og/eller eit gitt vitskapleg spørsmål
- kan utføra enkle metodespesifikke utrekningar for datering av geologiske prøvar, ved hjelp av rekneark, metodespesifikke kodar og nettbaserte ressursar med open tilgang
- kan identifisera geologiske prosessar som har metodespesifikke implikasjonar, undersøka desse med omsyn til korleis dei påverkar resultata, og vurdera korleis dette igjen kan påverke tolkingar
- kan illustrere observasjonar, data, analysar og resultat grafisk
Generell kompetanse
Studenten
- kan nytte presis terminologi for å demonstrere og samanfatte geologiske prosessar, geokronologiske arkiv, materiale og metodar
- kan integrere, analysere, tolke og kritisk vurdere geokronologiske data for å teste vitskaplege hypotesar
- kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar med open tilgang for å henta relevant informasjon
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Går siste gang som GEOV228 hausten 2023. Fra vår 2024 som GEOV329.
³ÕÃ¥°ù.Â
Emnet vert ikkje undervist ved lågt studenttal og inngår derfor i undervisningsopptaket. Meir info:
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEOL328
10 Sp overlapp med GEOV228
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av førelesingar og øvingar.
Førelesing og/eller øving, 4 timer i veka i 15 veker.