ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Tidevassdynamikk og havnivåvariasjonar

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

²ÑÃ¥±ô:
Emnet har som mål å gje ei grunnleggjande innføring i tidvassdynamikk og analyse av observerte endringar i vasshøgda og tidvasstraumar, talfesting av storleiken og gjennomgåing av prosessar knytt til tilførsel og uthenting av energi frå tidvatn, og analyse av variasjonar og endring av globalt og regionalt havnivå.

Emnet skal gje forståing for dei underliggjande årsakene til tidvatn og variasjonar i havnivå, og såleis leggja kunnskapsgrunnlaget for korleis tidvatn og havnivå påverkar kystnære områder og infrastruktur.

Innhald:
Emnet tek opp tema som klassisk tidvassmekanikk, analyse og framskriving av tidvatn, tidvassdynamikk generelt og for kystnære områder spesielt, tilførsel og uttak av tidvassenergi, fysiske prosessar knytt til tidvatn, stormflo og tsunami, og variasjonar og endring av globalt og regionalt havnivå.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngÃ¥ande kunnskap om Ã¥rsakene og eigenskapane til tidevatn
  • kan drøfte og rekne pÃ¥ tidvatn i opne hav, i tronge og opne bukter og i randhav
  • kan analysera stormflo og tsunami
  • kan drøfta rollen til tideassblanding og energidissipasjon i opne hav og i randhav
  • kan greia ut om den historiske kunnskapsutviklinga knytt til tidevatn og variasjonar i havnivÃ¥
  • kan grunnleggjande teori for uthenting av tidenergi
  • kan greia ut om variasjonar og endringar i havnivÃ¥ i rom (globalt, regionalt og lokalt) og i tid

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utleia og nytta dei leiande, harmoniske komponentane til Ã¥ rekne ut, analysere og framskriva tidevatn
  • kan nytta likeveksteori til Ã¥ talfesta endringar i havoverflata og tilhøyrande tidevassrørsle for ulike samanstillingar av dei orbitale parametrane
  • kan greia ut om dei ulike faktorane som pÃ¥verkar lokalt og globalt havnivÃ¥ pÃ¥ ulike tidsskala, og Ã¥rsakene til desse variasjonane
  • kan forklara og diskutera sentrale omgrep i tidvassteori og om variasjonar av havnivÃ¥ som ikkje er knytt til tidevatn

Generell kompetanse

Studenten

  • kan forklara matematiske omgrep og anvende matematisk formalisme pÃ¥ ulike, geofysiske problem
  • kan gjennomføra og formidla analyse av havobservasjonar
  • kan skrive og presentera oppgÃ¥veløysing i trÃ¥d med god vitskapleg praksis
  • kan reflektere over sentrale, etiske og vitskaplege problemstillingar innan fagomrÃ¥da oseanografi, klima og fornybar energi

Studienivå (studiesyklus)

Master/Ph.d.

Undervisningssemester

Haust, ved behov.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon:
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi, Bachelorgrad i klima, atmosfære- og havfysikk, i matematikk eller i fysikk.
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
GEOF331: 5 ECTS
Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Fakultet for naturvitskap og teknologi eller ph.d.-utdanninga.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av forelesningar.

Forelesingar / 4 timar pr. veke i 13 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det blir gitt oppgåver, inkludert programmeringsoppgåver, gjennom semesteret. Kvar student, eventuelt studentar i mindre grupper, skal levere inn skriftleg løysing av minst to av oppgåvene og skal presentera desse i plenum. Dei skriftlege oppgåveløysingane og presentasjonane må vera godkjent for å kunne gå opp til eksamen. I tillegg er det korte, obligatoriske studentpresentasjonar i plenum av gjennomgått teori ein gong per veke.
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i tre påfølgjande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Avsluttande, munnleg eksamen, inkludert framlegging av programmeringsoppgåver og spørsmål om oppgåver frå undervisninga, utgjer 100% av karakteren.

Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart haustsemester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no