ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Atmosfære-, hav- og klimadynamikk

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

²ÑÃ¥±ô og innhold

²ÑÃ¥±ô

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring til dynamikken i atmosfæren og havet, og med det grunnlaget for å forstå klimadynamikk. Utgangspunktet for emnet er konservering av masse og rørslemengd og likningane som følgjer frå dette, uttrykt i både ikkje-roterande og roterande koordinatsystem. Fysiske tolkingar av likningane vert gjeven og forenkla uttrykk vert nytta for å forklare, forstå og rekna på, i hovudsak, storskala og fri rørsle i atmosfæren og i havet.

Innhald

Utleiing av dei primitive likningane i eit ikkje-roterande og eit roterande koordinatsystem. Gjennomgang av forenkla likningar (geostrofi, termalvind, verknad av friksjon, mm.) for å skildra og analysera storskala rørsle i atmosfære og hav. Gjennomgang og diskusjon av grunnleggjande momentum- og energibudsjett i atmosfæren. Utgreiing og analyse av havsirkulasjon driven av termohaline gradientar og vind. Gjennomgang av Ekman- og Sverdrupdynamikk.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • forstÃ¥r korleis vind- og havstraumar oppstÃ¥r pÃ¥ ein roterande planet med oppvarming ved ekvator og nedkjøling mot polane
  • har brei kunnskap om korleis ein kan formulera likningane som skildrar dei storskala vind- og straumsystema i atmosfære og hav
  • har kunnskap om den historiske utviklinga av fagfeltet som omhandlar dynamikken i atmosfære og hav

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utleie dei grunnleggjande likningane for storskala rørsle i atmosfæren og havet
  • kan rekne pÃ¥ rørsla i atmosfæren og havet i ulike koordinatsystem
  • kan utleie, nytta og tolka likningane for geostrofisk vind/straum og termalvind, og nytte ulike variasjonar av desse pÃ¥ storskala og synoptiske system i atmosfæren og i havet
  • kan oppdatera seg pÃ¥ og gÃ¥ vidare med studier av rørsla i atmosfære og hav
  • kan berekne og tolka den grunnleggjande verknaden av friksjon pÃ¥ rørsla i atmosfæren og i havet
  • kan nytte grunnleggjande, fysiske prinsipp til Ã¥ forklare storskala, atmosfære- og havsirkulasjonen
  • kan utleie og nytta dei grunnleggjande uttrykka for Ekman- og Sverdrupdynamikk i havet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan forklara matematiske omgrep og anvende matematisk formalisme pÃ¥ ei rekkje, geofysiske problem
  • kan formidla og diskutera det fysiske grunnlaget for forstÃ¥inga av den storskala rørsla i atmosfæren og i havet
  • kan setta seg inn i og nytta eit omfattande formelverk for Ã¥ analysera og tolka rørsla i atmosfæren og i havet
  • kan reflektere over sentrale, etiske og vitskaplege problemstillingar innan fagomrÃ¥det

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù Emnet inngÃ¥r i undervisningsopptaket. Meir informasjon:

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
MAT112, MAT131, MAT212, PHYS111 og erfaring med programmering, eks. MatLab eller Python.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og rekneøvingar.

Forelesing/ 4 timar pr. veke/ 13 veker

Rekneøving/2 timar pr. veke/ 12 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer

Mappevurdering

Mappa består av

  • skriftleg midtveigseksamen, 2 timer, tel 30 % av sluttkarakteren
  • 4-timars skriftleg slutteksamen tel 70 % av sluttkarakteren

Poengsummar frå delvurderingane blir rekna saman for å bestemme sluttkarakter i emnet. Delvurderingane må vere bestått for å bestå emnet.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillate, i samsvar med modellar angitt i fakultetet sine reglar
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.