Praksis i bokindustrien (samarbeid i høgare utdanning: Québec - Norge)
³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Haust, VÃ¥r
- Emnekode
- FRANPRAX
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Fransk og norsk (eller engelsk)
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Mål: Emnet skal bidra til å syna den faglege kompetansen franskstudiet gjev i praksis ved aktuelle institusjonar og verksemdar innafor bokindustrien. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få betre innsikt og røynsle i yrkesrolle og yrkeshøve.
Innhald: Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i den institusjonen dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante i forhold til deira faglege kompetanse og i forhold til vertsinstitusjonen sine behov.
Ved semesterstart vert det etablert kontakt mellom studenten, prosjektkoordinator ved UQAM/ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og kontaktperson ved vertsinstitusjon for Ã¥ bu studentane pÃ¥ praksisopphaldet. I denne samanheng er det viktig Ã¥ gjere studentane medvitne om sin eigen kompetanse ved Ã¥ drøfte korleis dei kan nytte denne ved vertsinstitusjonen. Vidare gÃ¥r ein igjennom praktiske utfordringar og forslag til løysningar pÃ¥ situasjonar som kan oppstÃ¥.
Studentane fÃ¥r rettleiing bÃ¥de frÃ¥ vertsinstitusjon og frÃ¥ prosjektkoordinator ved UQAM/ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Kvar student fÃ¥r minimum ein rettleiingstime, i tillegg til rettleiing i tilknytting til praksisrapporten. I praksisrapporten skal studentane reflektere over verdien av eigen kompetanse pÃ¥ bakgrunn av av den konrete praksisen.
Praksisemnet omfattar 75 timars arbeid ved vertsinstitusjonen, anten samanhengande eller spreidd over heile semesteret.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Etter å ha avslutta praksisemnet skal studenten:
- Ha kjennskap til korleis det er å arbeide ved ei verksemd eller institusjon der utdanninga deira er relevant.
- Kunne nytte fagkunnskapane som franskstudiet gjev i ein reell arbeidssituasjon.
- Vite meir om korleis verksemda eller institusjonen dei får praksisplass ved organiserer og utfører arbeidet sitt.
Ferdigheiter
- Kunne kombinere teori med erfaringsbasert læring og reflektere over forholdet mellom teori og praksis.
- Kunne relatera spørsmål knytt til franskfaget til konkrete situasjonar i arbeidslivet.
Generell kompetanse
- Kunne reflektera meir medvitsfullt over eiga moglege yrkesrolle og yrkeshøve.
- Evne å gje ein skriftleg rapport om innhald og relevans av arbeidspraksis.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Minimum 60 studiepoeng i fransk språk, litteratur og/eller kultur.
God munnleg og skriftleg kompetanse i fransk.
For framandspråklege studentar på utveksling i Norge, krevjast det i tillegg gode engelskkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet har avgrensa plass. Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar som vil ta emnet enn det er ledige plassar, vil søkjarane bli prioritert slik:
1. Studentar som skal fullføre bachelor eller master i fransk ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
2. Andre studentar med studierett ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller UQAM, prioriterte etter karaktersnitt.
Karaktersnitt reknast ut frå dei 60 studiepoenga nemnt under «Krav til forkunnskapar».
Studentar som ønsker Ã¥ ta emnet, mÃ¥ levere søknad om utveksling ved UQAM (eller ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ for utanlandske studentar) innan ordinære fristar for utveksling. For Ã¥ bli tatt opp pÃ¥ praksisemnet FRANPRAX mÃ¥ ein i tillegg søke med eige søknadsskjema innan 1. mars for pÃ¥følgjande haust og innan 15. september for pÃ¥følgjande vÃ¥r.
Arbeids- og undervisningsformer
Det faglege innhaldet i dette praksisemnet blir knytt opp til vertsinstitusjonen si verksemd, og studentane på praksis skal difor bruke sin språklege og kulturelle kompetanse og faglege tilnærmingar til å arbeide med ulike sider av institusjonen sine oppgåver.
Arbeidet utførast under rettleing av kontaktperson ved vertsinstitusjonen og prosjektleiar anten ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller UQAM.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Etter gjennomførd praksisperiode, skriv studenten ein rapport på fransk (omlag 1000 ord) om vertsinstitusjonen, innhaldet i praksisarbeidet og verdien av den konkrete praksisen for studentens faglege og personlege utvikling.
Rapporten, samt ein attestasjon frå vertsinstitusjonen på fullførd praksis, skal leverast innan tre veker etter avslutta praksisperiode.