Innføring i franske litterære klassikarar
³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- FRAN123
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Fransk
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Emnet skal gje ei innføring i klassiske franske tekstar frå det 16. hundreåret og fram til 1900. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar gjennom øving i litterær analyse og på bakgrunn av kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane.
I studiet av tekstane vert merksemda retta mot dei litterære og språklege verkemidla og korleis tekstane er knytte til fransk litteratur- og kulturhistorie.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i narrative, dramatiske og lyriske tekstar
- kan gjera greie for tematiske og formelle aspekt ved pensumtekstane på fransk
- kan situera pensumtekstane i høve til hovudlinene i fransklitteraturhistorie
Ferdigheiter
- Studenten kan bruka kunnskapane dei har skaffa seg i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane
Generell kompetanse
- Studenten har ein generell kompetanse i lesing, skriving og tekstfortolking
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Undervisninga finn stad i Bergen.
Dette emnet kan òg takast som rent nettstudium: FRAN623
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Før undervisninga fÃ¥r studentane tilgang til førebuingsmateriale pÃ¥ læringsplattformen MittºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ med f.eks. introduksjonsvideoar/videoførelesingar, notatar, oppgÃ¥ver og diskusjonsforum. Undervisninga skjer normalt pÃ¥ campus og føreset at studentane i forkant aktivt har arbeidd med førebuingsmaterialet. Undervisninga omfattar førelesingar / førelesingsopptak og seminar samt filmframsyning.
Det blir gitt rettleiing i samband med innlevering av utkastet til mappeoppgåva. Studentane vert òg oppmoda til å samarbeida om førebuinga av oppgåva og til å gi kvarandre respons på utkastet. Dersom ressursane tillèt det, blir det halde kollokvier/oppgåveseminar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før fristen for semesterregistrering 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1. Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingar/seminar (også digital) for å få gå opp til vurdering i emnet.
2. I tilknyting til mappearbeidet (sjÃ¥ «Vurderingsformer») skal studentane levera eit utkast til litteraturoppgÃ¥va pÃ¥ mellom 1000 og 1500 ord i Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ for Ã¥ fÃ¥ tilbakemelding pÃ¥ dette frÃ¥ faglærar før ein gjer ferdig endeleg versjon. OppgÃ¥vene ein kan velje mellom vert kunngjorde i byrjinga av semesteret i samband med undervisninga. Dei vert òg publisert i Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ saman med dei to innleveringsdatoane for litteraturoppgÃ¥va: ein dato for innlevering av utkast i Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og INSPERA og ein dato for endeleg versjon berre i INSPERA.
3. I løpet av dei første fire vekene skal studentane levera i Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ ei fransk-norsk ordliste (minimum 50 ord) frÃ¥ pensum-verk dei har vald Ã¥ arbeide med i litteraturoppgÃ¥va.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Vurderingsformen er ei mappe med to innleveringar.
Dei følgjande to innleveringane utgjer grunnlaget for mappevurderinga i litterær analyse. Oppgåvetema vert delt ut rett etter undervisningsstart.
1. Studentane skal skriva eit fyrste utkast til oppgÃ¥va (mellom 1000 og 1500 ord) pÃ¥ fransk med innlevering i midten av semesteret pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sÃ¥vel som i INSPERA. Studentane fÃ¥r tilbakemelding frÃ¥ faglærar pÃ¥ denne fyrste versjonen av arbeidet i Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
2. I slutten av semesteret skal studentane levera ein endeleg versjon av oppgåva (mellom 1500 og 2000 ord) som tek omsyn til kommentarane frå faglæraren.
Datoane for innleveringane vert kunngjorde i samband med undervisninga og ved oppslag pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ i tillegg til Ã¥ bli publisert pÃ¥ emneskildringssida.
Det blir gitt ein samla karakter på mappa. Vurderinga skjer på grunnlag av retningsliner for oppgåvene, som vert gitt i studiet.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Tekstpensum:
Omfattar eit utval tekstar frå det 16. til det 19. hundreåret.
Studentar som er mindre vant med å lesa litterære tekstar på fransk vert oppmoda til å lesa originaltekstane parallelt med omsettingar til norsk der dei finnast.
Bakgrunnsstoff:
Ein ventar at studentane forbetrar sin kjennskap til fransk litteraturhistorie frå det 16. til det 19. hundreåret. Stoff om dei einskilde forfattarane finst t.d. i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.
I samband med undervisninga får studentane forslag til utfyllande lesing.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07.