ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Forskingsemne i epistemologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Dette kurset gir ei innføring i epistemologi, studiet av kunnskap, tru og rettferdiggjering.

Vi vil starte med klassiske tema, som Descartes' metodiske tvil og Humes induksjonsproblem, og gå frå det fundamentale spørsmålet om kva kunnskap er og kva eigenskapar den har til samtidige problemstillingar i epistemologien.

Sentrale tema inkluderer empirisme, rasjonalisme, fundamentalisme («foundationalism»), koherentisme, internalisme, eksternalisme, og skeptisisme. Studentar vil delta i kritisk analyse og drøfting av desse teoriane og implikasjonane deira i ulike filosofiske samanhengar.

Ved slutten av kurset vil deltakarane ha utvikla ei nyansert forståing av epistemologiske konsept og fått skjerpa sine dugleikar i kritisk tenking, og på den måten vere førebudd på djupare utforsking innan filosofifeltet. Dette kurset passar for alle som er interesserte i å utforske kunnskapens natur, uavhengig av tidlegare erfaring.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha:

  • spesialisert kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i eit eller fleire forskingsomrÃ¥de i epistemologi.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • identifisere, analysere og formidle sentrale problemstillingar, posisjonar og argument i eitt eller fleire forskingsomrÃ¥de i epistemologi
  • forstÃ¥ og kritisk vurdere aktuelle bidrag i eitt eller fleire forskingsomrÃ¥de i epistemologi
  • utvikle eigne idéar for debattbidrag i eitt eller fleire forskningsomrÃ¥d i epistemologi

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til:

  • vidare studiar og eigen forsking i epistemologi, t.d. i ei masteroppgÃ¥ve.

Emnet kan inngå i ein mastergrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan òg vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù i oddetalsÃ¥r

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.
Anbefalte forkunnskaper
Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
FIL347 overlappar 10 SP med FIL247 (Epistemologi).
Krav til studierett
For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi. Studentar som ikkje har studierett ved masterprogrammet kan ta kontakt med studieveileder@fof.uib.no
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

  • Studentane skal levere forslag og utkast til semesteroppgÃ¥va. Fristar blir bestemt av instituttet
  • Studentane mÃ¥ delta pÃ¥ ei rettleiingsøkt med faglærar
  • Innlevering av eitt oppgÃ¥vesvar pÃ¥ 900-1200 ord. OppgÃ¥va blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret mÃ¥ vere godkjent for at ein skal kunne gÃ¥ opp til eksamen.
  • BestÃ¥tt breiddetest
Vurderingsformer

Ei semesteroppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust/³ÕÃ¥°ù

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarlig
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarlig
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarlig
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.