ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Medical Data Science

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

²ÑÃ¥±ô:

Emnet tek sikte på å gje ei oversikt over fagfeltet medisinsk datavitskap med vekt på både løfta og utfordringane ved å utvikle og bruke digital teknologi i helsevesenet, gjennom heile mennesket si levetid - frå vogge til grav.

Innhald:

Digitalisering påverkar alle aspekt av livet, inkludert medisin. For eksempel, ettersom fjernovervaking blir meir og meir mogleg, endrar digitaliseringa grunnleggande korleis helsetenestene er organisert. Trass i løftet om å spare kostnadar og auke effektiviteten, går framgangen sakte på grunn av krava til ny kompetanse på alle nivå i helsesektoren. Dette kurset tar sikte på å gje ei innføring i effekten av digitalisering av helsevesenet gjennom alle stadia av menneskelivet - frå vogge til død. Kurset vil gjere det mogleg for studentane å utvikle ferdigheiter og kompetanse for å forstå det nye feltet medisinsk datavitskap. Kurset har som mål å gje studentar med ulik bakgrunn og ulike interesser eit grunnlag for å bidra til digitaliseringa av helsevesenet gjennom forsking og innovasjon.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan:

  • Forklare feltet medisinsk datavitskap og korleis det bidrar til førebyggande, presis og personleg helsehjelp.
  • ForstÃ¥ dei grunnleggande elementa i:
    1. Menneskeleg cellebiologi inkludert genetikk
    2. Medisinske og kliniske data, inkludert registerdata og helsedata frå berbare einingar.
  • Anerkjenne etiske problemstillingar og mishøve knytt til digitalisering av helsedata.

Ferdigheiter

Studenten har:

  • Medvit om ulike former for medisinske data (genomikk, bildebehandling, register, helsejournalar og berbare einingar) og etiske problem og mishøve knytt til dei.
  • Praktisk erfaring med Ã¥ handtere medisinsk dataanalyse for Ã¥ forstÃ¥ bÃ¥de moglegheiter og utfordringar.

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • Beskrive det siste innan digitalisering av helsevesenet
  • Kommunisere og samarbeide i tverrfaglege prosjekt innanfor medisinsk datavitskap

Studiepoeng, omfang

2,5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

200 nivå

Undervisningssemester

VÃ¥r og haust

Undervisningssted

Digital
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon

DIGI616 - 2,5 studiepoeng

Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Emnet har kapasitet til 200 studentar kvart semester.
Arbeids- og undervisningsformer
  • Digitale modular pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
  • Frivillig gruppeoppgÃ¥ver
  • Ikkje-obligatoriske digitale gruppesamlingar kor studenten kan fÃ¥ hjelp til dei obligatoriske oppgÃ¥vene.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Nettbaserte obligatoriske oppgåver (t.d. fleirvalsspørsmål).
Vurderingsformer
Emnet er bestått når alt obligatorisk arbeid er gjennomført og godkjent av instruktør.
Karakterskala
Bestått / ikke bestått
Vurderingssemester
Vurdering vert tilbydd både haust og vår.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Studieleiinga ved fakultetet
Administrativt ansvarlig
Klinisk institutt 2