ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Samfunnskunnskapsdidaktikk 4

Ã…°ù²õ²õ³Ù³Ü»å¾±³Ü³¾

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Målet for emnet er at studentane skal kunne drøfta og vurdera grunnlaget, siktemålet og innhaldet i samfunnskunnskap med særleg vekt på politisk danning og globalisering. Emnet vil derfor introdusera og drøfta implikasjonane av ulike syn på kva samfunnskunnskap som fag er mellom vitskap, pedagogikk, elevar og politiske ambisjonar. Emnet vil gi utdjupande innsikt i samfunnskunnskap som demokratisk danningsfag og kva det har å seia for klasseromspraksis. Emnet skal gjera greie for ulike syn på korleis globale utfordringar, særleg miljøproblema, stiller krav til samfunnskunnskap og korleis det kan møtast. Emnet er eit fordjupingsemne som berre vert tilbydd studentar som er tatt opp på PPU med eitt undervisningsfag.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten kan

  • gjera greie for utdjupande teoriar om kva karakter samfunnskunnskap som skulefag har og kva basis det skal byggja pÃ¥
  • skilja mellom ulike perspektiv pÃ¥ samfunnskunnskap som politisk danningsfag
  • presentera ulike tilnærmingar til globalt retta samfunnskunnskap

Ferdigheiter

Studenten kan

  • drøfta praksiskonsekvensar av ulike perspektiv pÃ¥ grunnlaget for skulefaget samfunnskunnskap
  • samanlikna ulike teoriar om skulefaget som politisk danningsfag
  • analysera korleis globale problem kan integrerast i samfunnskunnskapsfaget

Generell kompetanse

Studenten kan

  • drøfta og samanlikna ulike teoretisk perspektiv
  • arbeida sjølvstendig for Ã¥ setja seg inn i og presentera fagleg litteratur

Studiepoeng, omfang

7,5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

-

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù
Krav til forkunnskaper
Samfunnskunnskapsdidaktikk 4 (DIDASAK4) bygger på samfunnskunnskapsdidaktikk 3 (DIDASAK3).
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er reservert studentar på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med eitt undervisningsfag.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, seminar og studentframlegg i tilknyting til praksis.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av tekst for medstudentar.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle semesteret samt dei to påfølgande semestra.

Vurderingsformer

±Ê°ù´Ç²õÂá±ð°ì³Ù´Ç±è±è²µÃ¥±¹±ð.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 til Studieforskrifta til ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden mÃ¥ sendes til studieveileder.gov@uib.no innen innleveringsfristen. 

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.Â