ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Fagdidaktikk i psykologi, fordjupningsemne - første semester

Ã…°ù²õ²õ³Ù³Ü»å¾±³Ü³¾

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Første semester av fagdidaktikk i psykologi, fordjupingsemne (15 studiepoeng DIDAPSYK1B) er ein omfattande introduksjon til undervisning av programfaget psykologi i vidaregåande skole (VGS) som gir en fordjuping i dette emnet.

Programfaget i psykologi for VGS gir elevane ei innføring i sentrale psykologiske emne. Det gir ei orientering om viktige psykologiske forskings- og bruksområde, og trekk ved den moderne psykologiens historie. Faget gir grunnleggjande kunnskap om kva som hemmar og fremmer psykisk helse. Det er eit allmenndannande fag som gir grunnlag for å bruke kunnskap om psykologi til å utvikle seg sjølv.

Fagdidaktikk psykologi tar for seg kva psykologifaget i VGS består av, korleis læraren kan lage gode undervisningsopplegg i dette faget, og grunngjeving for val av undervisningsaktivitetar i psykologifaget. Studiet tar for seg psykologifaget som danningsarena, ulike læreprosessar og tilrettelegging av psykologiundervisinga.

Fagdidaktikk i psykologi har som mål å utvikle kompetanse i og refleksjon rundt psykologi som undervisningsfag. Studentane får kunnskap i å tenke kritisk gjennom faget si forankring i læreplanen, fagets danningspotensiale, ulike læremiddel og korleis ein kan legge til rette for læringa til elevane i psykologifaget.

Dette fordjupingsemnet gir ei grundig og omfattande innføring i undervisning av psykologifaget.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Har gode kunnskapar om læreplanverket i skolen og evner til Ã¥ analysere og vurdere den generelle og dei fagspesifikke delane i samanheng
  • Har god kunnskap om psykologifagets danningspotensiale
  • Har god kunnskap om psykologididaktiske omgrep og modellar
  • Har omfattande psykologididaktisk kunnskap

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan anvende sin faglege kunnskap til Ã¥ omsette læreplanverkets mÃ¥lsettingar for den generelle og dei fagspesifikke delane til praksis slik at mÃ¥la kan bli innfridd
  • Kan velje og vurdere lærestoff, læremiddel, arbeidsmÃ¥tar og oppgÃ¥veformar i samsvar med elevane sitt nivÃ¥ og føresetnadar
  • Kan anvende fagleg og fagdidaktisk kunnskap pÃ¥ praktiske problemstillingar og treffe grunngjevne val
  • Har omfattande psykologididaktiske ferdigheiter

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan opptre profesjonelt og reflektere over og analysere faglege og profesjonsetiske problemstillingar innan psykologifaget
  • Kan bygge relasjonar til elevar og medstudentar, og utvikle psykologifaget i samarbeid med andre
  • Kan drøfte korleis psykologisk kunnskap kan hjelpe til økt forstÃ¥ing av samfunnsmessige og mellommenneskelege samanhengar
  • Har omfattande psykologididaktisk kompetanse

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga består av forelesningar, gruppediskusjonar og studentframlegg.

I tillegg består undervisninga av tre seminardagar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på undervisning (minimum 80% oppmøte).

Forberede to undervisningsopplegg som studenten legg fram i undervisninga.

Vurderingsformer

Eksamen består av to vurderingsdeler som blir slått saman til ein karakter med lik vekting:

1. Munnleg eksamen (50%)

2. Mappeeksamen som inneheld to refleksjonsnotat (50%)

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Haust.

Munnleg eksamen tilbys også om våren.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i trÃ¥d med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen

Muntlig eksamen: Ingen hjelpemiddel

Mappeeksamen: Alle hjelpemiddel tillatt

Programansvarlig
Programansvarlig for praktisk-pedagogisk utdanning ved Institutt for pedagogikk
Emneansvarlig
Emneansvar ligg ved Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Institutt for pedagogikk