Fellesprosjekt
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester ³ÕÃ¥°ù
- Emnekode
- DES321
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Engelsk og norsk
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
I dette emnet vil studentane få erfaring frå gruppearbeid i eit frittståande prosjekt utforma i samråd med eksterne interessentar. Kvar students rolle og oppgåver i prosjektet blir forhandla med prosjektdeltakarane.
I prosjektet blir det lagt vekt på felles forsking, samarbeid om idéutvikling og ein felles designprosess. Studentane får reell erfaring ved å utvikle og gjennomføre eit gruppeprosjekt innanfor ein klart avgrensa tidsperiode og definerte rammer som fører til eit endeleg konsept.
Studentane lærer å arbeide raskt, metodisk og målretta ved å ta i bruk relevante designtilnærmingar og verktøy for å handtere prosjektet.
Prosjektet vil vere samansett og ha ein kompleksitet som gir utfordringar på ulike nivå, også konseptuelt, der estetiske, etiske og funksjonelle aspekt skal bli gitt nøye vurdering.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Etter gjennomført emne skal studenten ha oppnådd følgende læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Korleis realisere eit komplekst designprosjekt saman med andre.
- Kunnskap om relevante metodar og verktøy for samarbeidsprosjekt innan design.
Ferdigheiter:
- Kunne analysere og presentere idear og konsept saman med kollegaer.
- Kunne bruke verktøy for visuell dokumentasjon og gruppearbeid i prosess- og idéutvikling.
Generell kompetanse:
- Reflektere over etikk i eigen og andre sin designpraksis.
- Handtere gruppeutviklingsarbeid, ta samarbeidsavgjerder og prosjektplanlegging.
- Gjenkjenne estetiske og funksjonelle implikasjonar av design i tverrfaglege kontekstar.
- Kommunisere og argumentere for designavgjerder til eksterne interessentar.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- Gruppearbeid
- Feltturer
- Forelesningar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Gruppepresentasjon
Obligatorisk undervisningsaktivitet som skildra over må bli godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Følgjande vurderingsformer blir brukt i dette emnet:
Visuell, munnleg gruppepresentasjon av prosjektet, inkludert forsking, idéutvikling, arbeidsprosess, eigen innsats og samarbeidet.