ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Innføring i arkeologi

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet tek sikte på å gje ei innføring i:

1) arkeologifaget

2) fagets nøkkelomgrep

2) fagets vitskapsteoretiske utvikling og bruk av ulike metodar

3) kunnskapsproduksjon i arkeologifaget

5) arkeologifagets relaterte disiplinar og korleis desse vert nytta

6) forvaltning av kulturminner i ulike periodar og regionar

Emnet gir ei innføring i arkeologifaget og relaterte disiplinar. Eit hovudtrekk i kurset er å gje innsikt i kva arkeologi er, og vise ulike tilnærmingar til faget og disiplinen. Studentane får innsikt i korleis faget har utvikla seg, på bakgrunn av sentrale vitskapsteoretiske strømmingar, faghistorie, grunnleggjande metodiske prinsipp og kritisk tenking. Emnet vil og innehalde ein ekskursjon til kulturminne frå ulike periodar i Bergensregionen.

ARK100 inngår ikkje i ei spesialisering i arkeologi, men vert tilrådd for dei som vil spesialisere seg i arkeologi.

For å vite meir om ARK100, sjå .

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Ved fullført emne har studenten oppnådd følgjande:Kunnskap

  • Studenten har kunnskap om fagets utvikling knytt opp mot teoretisk og metodisk utvikling.
  • Kjennskap til grunnleggjande omgrep innanfor arkeologifaget og korleis desse har utvikla seg.
  • Generell kunnskap om ulike typar kulturminne, lokaliseringa deira og forvaltning.

Ferdigheiter

  • Studenten har evne til Ã¥ vurdere og Ã¥ setje seg inn i generelle faglege tekstar bÃ¥de pÃ¥ skandinaviske sprÃ¥k og engelsk, samt evne til Ã¥ kunne skrive korte resonnerande tekstar.

Generell kompetanse

  • Studenten kan vurdere og samanfatte informasjon henta frÃ¥ ulike kjelder og sett frÃ¥ ulike synsstadar.

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

µþ²¹³¦³ó±ð±ô´Ç°ù²Ô¾±±¹Ã¥

Undervisningssemester

Haust. Undervisninga går over heile semesteret.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Gode kunnskapar i engelsk
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Normalt om lag 7 forelesningar og eit obligatorisk eksamensseminar.

I tillegg til forelesingar som skal tene til å utdjupe og utfylle pensum vert det, dersom ressursane tillét det, organisert kollokviegrupper og ekskursjon. Undervisninga føregår gjennom heile semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Eit eksamensseminar som er obligatorisk å delta på.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ein tre dagars heimeeksamen med eit omfang på om lag 1500 ord.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk og/eller engelsk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Det vert nytta vurderinga greidd/ikkje greidd.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 800 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap