ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Praksis i arbeidslivet

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

²ÑÃ¥±ô og innhold

AHKR201 Praksis i arbeidslivet er eit praksisemne for studentar på Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. På dette emnet får studentar på arkeologi, historie, kulturvitskap og religiosvitskap muligheit til å få arbeidserfaring hos bedriftar og institusjonar som er elevante for deira utdanning.

²ÑÃ¥±ô

Praktikantopphaldet skal bidra til å utvikla den faglege kunnskapen til studentane i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verta meir medvitne om eiga yrkesrolle og om korleis det er å arbeida ved bedrifter/institusjonar der utdanninga er relevant.

Innhald

Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i den bedrifta/institusjonen dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante for deira faglege kompetanse og arbeidsstaden sine behov. Arbeidsoppgåvene til den enkelte student vil verta konkretiserte i ein kontrakt mellom studenten og den enkelte institusjon/bedrift.

Sjå informasjon om dei ulike bedriftene/institusjonane som deltek i emnet her:

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskapar

  • Gjennom praksisopphaldet har studenten tileigna seg erfaringar og kunnskapar relevante for den bedrifta/institusjonen han har praksisopphald ved, og dei arbeidsoppgÃ¥vene han blir sett til.
  • Studenten har kunnskap om korleis bedrifter/institusjonar organiserer arbeidet sitt, og relaterer faglege spørsmÃ¥l til reelle og aktuelle situasjonar i arbeidslivet.

Ferdigheiter

  • Studenten kan nytta fagleg kunnskap i ein praktisk arbeidssituasjon og reflektera over dei val som vert gjort.
  • Studenten kan bruke presentasjonsverktøy til formidling.

Generell kompetanse

  • Studenten kan planleggja og gjennomføra varierte arbeidsoppgÃ¥ver som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe.
  • Studenten kan utveksla synspunkt og erfaringar om fagleg verksemd og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis og kan ogsÃ¥ reflektera over eiga rolle i arbeidssituasjonen.
  • Studenten kan formidle kunnskapar og erfaringar munnleg og visuelt pÃ¥ ein konsis mÃ¥te til ei større gruppe.

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Studenten må ha fullført minst 60 studiepoeng i eitt av faga det vert undervist i ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR): Arkeologi, historie, kulturvitskap eller religionsvitskap.
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet har eit eige opptak, og har begrensa antall plassar.

³§Ã¸°ì²Ô²¹»å²õ±è°ù´Ç²õ±ð»å²â°ù±ð

Ein søkjer gjennom eit digitalt skjema:

Søknaden skal mellom anna innehalda ein motivasjonstekst som saman med karakterar og studieprogresjon vil verte vurdert i opptaksprosessen.

³§Ã¸°ì²Ô²¹»å²õ´Ú°ù¾±²õ³Ù

15. januar for opptak i følgjande semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Form: Seminar og rettleiing i grupper

Tal veker: om lag 16 veker

Ved semesterstart vert det halde eit orienteringsmøte med fokus på å førebu studentane på praksis, der ein viktig del er å gjera studentane medvitne om sin eigen kompetanse og korleis dei kan nytte denne i praksisen. På orienteringsmøte vil og bedrifter/institusjonar presentera seg og dei tilbod dei har til studentane.

Studentane får rettleiing både frå bedrifta/institusjonen og frå Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Kvar student får individuelle tilbakemeldingar på presentasjonar i grupper på instituttet.

Undervisninga består av fire forelesingar/seminar og eit avslutningsseminar. På seminara skal studenten presentere institusjonane / bedriftene og arbeidsoppgåvene dei har hatt der både skriftleg og munnleg. I presentasjonar og i rapporten (eksamen) skal studentane drøfta sin eigen kompetanse i forhold til praksisen og reflektera over praksis. På avslutningsseminaret skal framføringa vere på omlag 15 minuttar. Studentane presenterer erfaringar framfor medstudentar og representantar frå praksisplassane. Studentar som har samarbeida i praksis, kan presentere saman om dei ønsker det. Framføringa blir da forlenga i tid tilsvarande 15 minuttar pr student som presenterer saman.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten må ha oppfylt følgjande arbeidskrav:

  • Obligatorisk oppmøte pÃ¥ all undervisning
  • Om lag 200 timers praksisperiode i en godkjent institusjon/bedrift etter ein kontrakt inngÃ¥tt mellom student, AHKR og institusjonen/bedriften. Det skal leveres ein loggbok godkjent av institusjonen/bedriften etter endt praksisperiode. Arbeid med presentasjon og rapport etter praksisopphold er ikke inkludert i de 200 timene
  • Levere to presentasjoner og fremføre disse pÃ¥ forberedende gruppeundervisning og fellesseminar

Obligatoriske undervisningsaktiviteter er bare gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer
Eksamen er ein praksisrapport. Praksisrapporten skal vere på om lag 1500 ord.
Karakterskala
I vurderinga av emnet nyttar ein karakterskalaen greidd/ikkje greidd.
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù
Litteraturliste
Studenten legg opp ei sjølvvalt litteraturliste på om lag 600 sider.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap