ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Samanliknande politikk (master)

Samanliknande politikk er studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosesser og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. På masterstudiet får du fordjupe deg i samanliknande politikk-greina av statsvitskapen. Du får svært gode metodekunnskapar og analytiske ferdigheiter.

Kva lærer du?

Masterstudiet lar deg fordjupe deg i samanliknande politikk-greina av statsvitskapen frÃ¥ første dag, og er konsentrert om retninga der samanlikningar pÃ¥ tvers av politiske system og endringar over tid stÃ¥r sentralt.  

Studiet tar for seg eit breitt spekter av teoretiske, metodiske og empiriske tema. Som masterstudent kan du bruke dine analytiske ferdigheiter til Ã¥ analysere ei rekke former for kvalitative og kvantitative data i landsspesifikke studium, og pÃ¥ breie tverrnasjonale studium.  

Instituttet har lange tradisjonar for internasjonal verksemd og har mange gode utvekslingsavtalar rundt om i verda, blant anna med University of North Carolina, Chapel Hill, eit av dei beste universiteta i USA, der instituttet sin utvekslingsavtale sikrar studentane ekstra økonomisk støtte.

Masterprogrammet legg vekt på opplæring i forskingsdesign og forskingsmetodar (kvalitative, kvantitative og blanda).

Studiekvardag

Dette er eit krevjande fulltidsstudium med tilnærma fulle arbeidsveker. Du mÃ¥ rekne med mykje sjølvstudium og rundt 6-8 timar undervisning kvar veke. Den vanlegaste undervisningsforma pÃ¥ studiet er seminarundervisning i mindre grupper. Undervisninga og litteraturen er pÃ¥ norsk og engelsk. Du fÃ¥r tilgang til arbeidsplass pÃ¥ eigen lesesal for studieprogrammet.  

Som masterstudent fÃ¥r du god oppfølging av rettleiaren din. Du vil òg bli involvert i ei forskingsgruppe med dei vitskaplege tilsette bÃ¥de gjennom valemne og aktiv gruppedeltaking i arbeidet med masteroppgÃ¥va. Masterstudentane vert raskt godt kjent med medstudentar og dei tilsette.  

Instituttet har ein eigen kodeklubb som er eit fagleg-sosialt møtepunkt tidleg i studieløpet, og som hjelper deg med statistikkprogrammet R. 

Det er eit godt miljø på faget med mykje sosialt du kan velje å vere med på.

Kva kan du jobbe som?

Med ein mastergrad i samanliknande politikk får du metodekunnskapar og analytiske ferdigheiter, kvalifikasjonar som er ettertrakta på arbeidsmarknaden. Både offentleg og privat sektor kan vere aktuelt.

Du kan arbeide  

  • i offentleg forvalting, frÃ¥ kommune til departement
  • i organisasjonar og sivilsamfunn
  • i utanrikstenesta og internasjonale organisasjonar
  • i skoleverket, høgare utdanning og forsking
  • med utgreiing og analyse, og med informasjons-, journalist- og kommunikasjonsarbeid 
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (3.0)
Krev minimum snittkarakter C (3,0) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Studiets oppbygging

Masterstudiet i samanliknande politikk er eit toårig fulltidsstudium som startar i august.

1. semester

SAMPOL305 – Multivariat dataanalyse (15 studiepoeng)

SAMPOL306 – Masterseminar i samanliknande politikk (15 studiepoeng)

2. semester

SAMPOL307 – Forskingsdesign og kvalitative metodar (10 studiepoeng)

Eit valfritt SAMPOL spesialiseringsemne på 300-nivå (10 studiepoeng)

Eit valfritt SAMPOL spesialiseringsemne på 300-nivå (10 studiepoeng)

Det vert normalt tilbydd fem valfrie emne i andre semester. Dei valfrie emna er knytt til forskingsgruppene og utgjer eit breitt tilbod innan faget. Det er moglegheit for Ã¥ reise pÃ¥ utveksling i andre semester. 

3. og 4. semester 

SAMPOL350 – MasteroppgÃ¥ve (60 studiepoeng) 

Du vel sjølv tema for masteroppgÃ¥va.  

Utveksling

Utveksling gir deg nye perspektiv, moglegheit til å lære språk og få internasjonal erfaring, noko som vert verdsett av mange arbeidsgjevarar. Du vert oppmoda til å reise på utveksling i andre semester. På utveksling tar du emne til erstatning for valfrie forskingsemne, samt erstatning for eller ein tilrettelagt versjon av Forskningsdesign og kvalitative metodar

Vidare studiemoglegheiter

Du kan søke om å ta doktorgradstudiet (ph.d.).

Du kan bli lektor om du tar eitt år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gir undervisningskompetanse i samfunnsfag.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 98 50
E-post: studieveileder.svfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i samanliknande politikk