ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Informatikk: datateknologi (bachelor)

Informatikk er vitskapen bak programvarer, frå enkle mobilappar til avanserte IT-system. På studiet lærer du programmering, testing og utvikling av datasystem. Du får trening i praktisk problemløysing og lærer prinsipp, teknikkar og metodar for programutvikling i Python, Java og Haskell.

Kva lærer du?

I løpet av utdanninga fÃ¥r du kunnskap om bÃ¥de informatikk og matematiske metodar som nyttast blir brukt for Ã¥ utvikle avanserte datasystem. Du fÃ¥r erfaring med verktøy og teknikkar som blir brukt i moderne systemutvikling, og kjennskap til informatikken sin relevans for og rolle i samfunnet. 

Studiekvardag

Bachelorstudiet i informatikk er eit studium pÃ¥ fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid pÃ¥ studia som pÃ¥ ein full jobb. 

I løpet av ei vanleg veke pÃ¥ studiet vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Du vil òg bruke tid pÃ¥ lesesalen med sjølvstudium av pensumlitteraturen. Undervisninga og litteraturen er pÃ¥ norsk og engelsk. 

Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket. 

Studentane pÃ¥ Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna arrangerer faglege og sosiale samankomstar.  

Kva kan du jobbe som?

Som utdanna informatikar er du kvalifisert for spennande og varierte jobbar innanfor mange ulike bransjar. Typiske jobbar er systemutviklar og IT-konsulent.  

Du kan jobbe i  

  • IT-bransjen
  • energi- og oljeindustrien
  • konsulentverksemder
  • FinTech (finansteknologi) 
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 50.8
Primær kvote: 35.5

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: MATRS

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 eller S1 og S2.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

1. semester

INF105 - Uavhengig datateknologi (10 studiepoeng) 

INF100 - Programmering 1 (10 studiepoeng)  

MAT111 - Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) eller MAT101 -  Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng) 

2. semester

INF141 - Datanett og datatryggleik (10 studiepoeng)  

INF101 - Programmering 2 (10 studiepoeng)  

MNF130 - Diskrete strukturar (10 studiepoeng)  

3. semester

INF122 - Funksjonell programmering (10 studiepoeng)  

INF102 - Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)  

INF113 - Innføring i operativsystem (10 studiepoeng)  

4. semester

INF222 - ProgrammeringssprÃ¥k (10 studiepoeng)  

INF112 - Systemkonstruksjon (10 studiepoeng)  

Examen philosophicum - enten eller (10 studiepoeng) 

5. semester 

INF226 - Programvaresikkerheit (10 studiepoeng)  

INF224 - Webplattformarkitektur og multiprogrammering (10 studiepoeng)  

(10 studiepoeng) 

6. semester

(10 studiepoeng) 

(10 studiepoeng) 

Valemne i matematikk (10 studiepoeng) 

Utveksling

Benytt sjansen til Ã¥ studere eit Ã¥r eller halvÃ¥r ved eit anna universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser pÃ¥ utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til vÃ¥re samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass. 

Vidare studiemoglegheiter

Etter bachelorprogrammet kan du gå vidare til eit toårig masterprogram i informatikk eller masterprogram i programvareutvikling ved Institutt for informatikk.  

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: info.nt@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i informatikk: datateknologi

Lenke til video