ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Ernæring (bachelor)

Lurer du på korleis maten du et påverkar kroppen din? Har du lyst til å hjelpe folk med å ta smarte matval – ikkje berre for å vere sunn, men for å halde seg frisk og unngå sjukdom? Behovet for kunnskap om kosthald og helse veks raskt, kanskje dette er starten på din veg mot ein spennande karriere?

Kva lærer du?

I løpet av dei tre Ã¥ra lærer du om den viktige rolla kosthaldet har for helse, førebygging og behandling. Med ein bachelor i ernæring fÃ¥r du kunnskap som bÃ¥de er spennande og nyttig – for deg og for framtida. Held du fram med master i klinisk ernæring ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, kvalifiserer du til autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog og kan jobbe som autorisert helsepersonell. Eit av fortrinna med bachelor i ernæring frÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ er fokuset pÃ¥ grunnleggjande medisinske fag, for Ã¥ forstÃ¥ korleis kroppen fungerer. Det andre er at det du lærer er basert pÃ¥ forsking, og du lærer Ã¥ tenkje kritisk.
Du lærer mellom anna: 

  • korleis kroppen fungerer (anatomi, fysiologi og dei grunnleggjande prosessane som held oss i live)
  • kva maten bestÃ¥r av (som vitamin, mineral, energigjevande næringsstoff)
  • matens betydning gjennom livsløpet og ved sjukdomsutvikling
  • korleis mat ogsÃ¥ er ein viktig faktor for mental helse
Studiekvardag

Du kan sjå fram til ein variert studiekvardag med både praktisk og teoretisk undervisning. Ernæringsstudiet har eit godt studiemiljø med tett samarbeid mellom deg som student og dei ulike undervisarane.
Undervisninga består av førelesingar, gruppeundervisning, laboratorieøvingar, seminar, praktiske øvingar og ein lengre praksisperiode.
Som ny student på bachelor i ernæring blir du med i ei mentorgruppe ved fakultetet. Mentorgruppene blir leia av erfarne studentar på same studieprogram, og det blir arrangert både faglege og sosiale møte gjennom det første studieåret.
Ernæringsstudentane sitt fagutval (NUTRI) er ei fagleg og sosial foreining for alle som studerer ernæring ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Fagutvalet har ansvar for ulike arrangement gjennom studieÃ¥ret (til dømes julebord, fagdagar m.m.). I tillegg er fagutvalet eit viktig bindeledd mellom studentane og studieleiinga ved fakultetet.

Kva kan du jobbe som?

Med ein bachelor i ernæring opnar du døra til mange spennande karrierevegar. Du kan jobbe med produktutvikling, kvalitetssikring og regelverk i matindustrien, bidra til folkehelseprosjekt og jobbe ved frisklivssentralar og opplysningskontor. Du kan undervise og formidle kunnskap, eller jobbe med kommunikasjon og skape innhald for media og sosiale kanalar. 

For Ã¥ arbeide direkte med pasientar treng du mastergrad i klinisk ernæring, og vi tilrÃ¥r Ã¥ halde fram med dette studieløpet ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´: Klinisk ernæring (master) | ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: MEROD

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Bachelorstudiet er et fulltidsstudium ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ som startar i august kvart Ã¥r. 
I løpet av desse tre Ã¥ra vil du bruke mykje tid pÃ¥ spørsmÃ¥l som: 

- Korleis pÃ¥verkar ulike næringsstoff kroppen vÃ¥r? 

- Korleis kan vi vite kva som er sunt Ã¥ ete?   

- Kva behandling er effektiv mot fedme?   

- Korleis kan det vi et påverke risiko for å utvikle sjukdom

Praksis
I bachelorgraden har du hospitering på sjukehus, praksis på sjukehuskjøkken, du er på besøk hos bedrifter som lagar mat, du har praksis saman med andre helsefagstudentar og til slutt ei lengre praksisperiode i kommunehelsetenesta (t.d. sjukeheim og heimeteneste).

Slik er studiet lagt opp:

1. semester

DIGI100 - Digital student - Nettkurs i digitale arbeidsmetodar og teknologi for læring (0 studiepoeng)

DIGI101 -  Digital kjeldekritikk (0 studiepoeng)

.* Skoleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng) 

NOM - Medisinsk nomenklaturlære (5 studiepoeng)  

FARM150 - Biokjemi (10 s³Ù³Ü»å¾±±ð±è´Ç±ð²Ô²µ) &²Ô²ú²õ±è;

NUTR100 - Innføring i klinisk ernæring  (gÃ¥r over 1. og 2. semester) 

2. semester

NUTR100 - Innføring i klinisk ernæring (gÃ¥r over 1. og 2. semester) (10 studiepoeng)  

FARM260 - Molekylær cellebiologi (10 studiepoeng)    

MEDSTA - Medisinsk statistikk (5 studiepoeng)  

NUTR115 - Ernæringsbiokjemi (10 studiepoeng)  

3. semester

NUTR203 - Ernæringsfysiologi - makronæringsstoffer (10 studiepoeng)  

NUTRANA - Menneskets anatomi (5 studiepoeng)  

NUTRFYS - Menneskets fysiologi (15 s³Ù³Ü»å¾±±ð±è´Ç±ð²Ô²µ) &²Ô²ú²õ±è;

4. semester

NUTR150 - Matvarekunnskap (10 studiepoeng)   

NUTR204 - Ernæringsfysiologi - mikronæringsstoffer (10 studiepoeng)  

PSYK140 - Ã…tferd, helse og ernæring (10 studiepoeng)  

5. semester

NUTR244 - Ernæring og helse pÃ¥ individ- og samfunnsnivÃ¥ (15 studiepoeng) 

NUTR230 - Metodar i ernæringsforsking (10 studiepoeng)  

NUTR290 - BacheloroppgÃ¥ve i ernæring (gÃ¥r over 5. og 6. semester)  

6. semester

NUTR248 - Innføring i medisinsk ernæringsbehandling (14 studiepoeng) 

NUTR249 - Klinisk praksis i primærhelsetenesta (6 studiepoeng) 

NUTR290 - BacheloroppgÃ¥ve i ernæring (gÃ¥r over 5. og 6. semester) (15 studiepoeng)  

Utveksling

Har du lyst til Ã¥ ta eit semester i utlandet og oppleve nye kulturar og studiemiljø? Kvart Ã¥r reiser fleire av studentane vÃ¥re pÃ¥ utveksling i eitt semester. Dei mest populære destinasjonane er University of Queensland i Australia og Wageningen universitet i Nederland. Du kan reise pÃ¥ utveksling i løpet av ditt andre studieÃ¥r.

Vidare studiemoglegheiter

Med denne bachelorgraden kan du halde fram med mastergrad i klinisk ernæring ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ for Ã¥ bli autorisert klinisk ernæringsfysiolog. Alle stillingar som inneber pasientbehandling krev autorisasjon, og vi tilrÃ¥r alle Ã¥ fullføre profesjonsløpet.

Spørsmål om studiet?

Telefonen er open mellom 12.00-14.00 på kvardagar.

Telefonnummer: 55586400
E-post: info.med@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i ernæring

Lenke til video