ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Åtferd, helse og ernæring

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet skal gje studentane kunnskap om sentrale aspekt ved kosthald og ernæring og deira rolle innan åtferd, kognisjonar, mental og somatisk helse. Emnet gir innsikt i korleis kosthald kan sjåast som ein del av eit større livsbilde. Det blir gjennomgått teoretisk kunnskap innan søvn, døgnrytmar, energi metabolisme, hjernefunksjon og stress samt kva for strukturelle og individuelle faktorar som kan vere med å forklare utvikling av eteforstyrringar og overvekt. Studentane skal utvikle kompetanse og ferdigheiter i kva som er gode og verksame tiltak for å fremje eit helsegunstig kosthald med vekt på samspel mellom individuelle og strukturelle faktorar.

Emnet vil gje ei innføring både i kosthald/ernæring som ein viktig basis for åtferd og psykisk helse, samt tiltak som kan setjast i verk for å fremje eit gunstig kosthald med tanke på psykisk helse. Tiltaksutviklinga vil bli sett i relasjon til den observerte auken i fedme som gjer seg gjeldande både i Noreg og i andre vestlege land.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studentane kan…

  • beskrive korleis makronæringsstoffer (karbohydratar, proteinar, lipider) og mikronæringsstoffer (vitaminar, mineralar) pÃ¥verkar funksjonar i hjernen under utvikling av hjernen og gjennom livsløpet.
  • forklare kvifor feilernæring gjennom livsløpet vert rekna som ein risikofaktor for utviklinga av psykiske lidingar.
  • beskrive korleis glukosemetabolisme er lenka til matinntak og korleis den pÃ¥verkar emosjonelle og kognitive hjernefunksjonar.
  • forklare samanhengen mellom søvn, døgnrytme, stress og energi-regulering.
  • beskrive regulering av apetitt frÃ¥ eit biopsykososialt perspektiv.
  • beskrive eterforstyrringar som anoreksia nervosa, bulimia nervosa, overeting, og overvekt.
  • beskrive funksjonelle gastrointestinale lidingar og matintoleranse frÃ¥ eit biopsykososialt perspektiv.
  • beskrive helsefremmande Ã¥tferd pÃ¥ individ- og samfunnsnivÃ¥.

Ferdigheiter

Studentane kan formilde kunnskap som er lært i emnet gjennom bruk av akademisk skriving og gje ein klar presentasjon av teori og empiriske data uavhengig og utan hjelp av eksterne kjelder.

Generell kompetanse

Studentane kan ...

  • bedømma den vitskapelege kvaliteten pÃ¥ forsking gjennomført innan fagomrÃ¥det ernæringsvitskap og helse.
  • vurdere kvaliteten pÃ¥ informasjon om ernæring og helse funne i den offentlige diskursen og kan diskutera begrensingar, overforenklingar, potensielle farar og fordelar.
  • formidle og diskutere evidensbaserte funn innanfor dei biologiske, psykologiske og sosiale aspekta ved ernæring.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, seminar, og sjølvstudiekomponentar utanfor klasserommet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen obligatorisk undervisningsaktivitet.
Vurderingsformer
4 timars skuleeksamen der ein skal svare på 2 av 3 essayoppgåver. Eksamen kan skrivast på både norsk og engelsk sjølv om undervisningsspråk er engelsk.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel tillatne (med unntak av ikke-leksikalsk ordbok).

Programansvarlig
Institutt for biologisk og medisinsk psykologi
Emneansvarlig
Institutt for biologisk og medisinsk psykologi
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet