ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Utdanning

Fokusområdet Utdanning koordinerer og synleggjer utdanningstilboda som blir utvikla ved Fagspråksenteret i tilknyting til dei andre fokusområda.

Saman med senterforskinga vil utdanningstilboda bidra til å sikre berekraftige miljø i norsk språkvitskap og til å utvikle og tilgjengeleggjere terminologi.

Studietilboda vil omfatte forskarutdanning i form av sommarskular med ph.d.-kurs og samarbeid om forskarkurs i Norden og Europa. Innan 2029 skal senteret
ogsÃ¥ utvikle studietilbod pÃ¥ minst 15 studiepoeng i dei tre disiplinane terminologi/fagsprÃ¥k, leksikografi og namnegransking,Ìý

Senteret skal utvikle pedagogiske/didaktiske kurs for tilsette i universitet- og høgskulesektoren, og kurs spissa mot behova til ulike yrkesgrupper i senterdisiplinane, som helse- og omsorgsarbeidarar, tilsette i etatar som har ansvar for digitalisering og omgrepsharmonisering, namneforvaltarar, lærarar i skule, vaksenopplæring og høgare utdanning ofl.

I 2026 blir det oppretta ein nasjonal nettportal der utdanningstilbod blir lette å finne.

Personar

Leiar:
Mona Vervik Uthaug

Ìý

Sist oppdatert: 16.12.2025